Festival er påfyll og i Parkscena og Vinjebue har me samla eit knippe spennande mennesker som på kvar sin måte har ei historie å fortelle! Ta ein titt på årets preikeprogram!
I stemningsfulle Vinjebue kjem Monica Goksøyr for å snakke om debuten sin; Slemme jenter saman med litteraturvitar og forlagsassistent Vilja Antonsen i eit intimt og stemningsfullt bokbad.
Eventyraren Gita Johansen skal dele historiar frå sine ekspedisjonar frå mellom anna Bajkalsjøen og sørpolen. Og korleis heng klimakampen saman med friluftslivet? Callum Macintyre, medstiftar av Folk mot fossilmakta, fortel med engasjement om sine erfaringar etter ti år med mobilisering av friluftsmiljøet.
Det er 150 år sidan startskotet for norsk klatresport gjekk, og det i fjella som omsluttar Eidsbugarden! Knut Ihlen Tønsberg kjem for å fortelje den skandaleprega historia! Om du skulle ha lyst til å utvide di eiga kjennskap til klatring som aktivitet, vil du få mange gode tips på bokbad med klatrar Thomas Horgen, som nyleg lanserte boka Klatring: en metodebok.
Det vert eit kjært gjenhør med Erotiske folkeeventyr med bibliotekssjef Marianne, og me gler oss til å få trena lattermusklane når humorgruppa Dragsug kjem med si lokalt tilpassa revy "Humorhavari 2"!
I løpet av festivalen skal dei som vil få bryne seg som forfattarar sjølv! Me seier ikkje meir enn at de skal sjå etter meir info når de nytter festivaldoane.
UT-redaktør Veronica Solbak i DNT vil ta deg med på intet mindre enn seks spektakulære hytte-til-hytteturar, og gjev tips om korleis du kan førebu deg på langtur.
Sist, men ikkje minst; i høve 20-årsjubileet har me samla eit knippe tidlegare festivalsjefar, som tek oss med på ei reise gjennom 20 år med festivalhistoriar!
Me sjåast til fjells!