I dette føredraget deler Calum Macintyre erfaringar frå ti år med mobilisering av friluftslivsmiljøet til å ta del i klimakampen. Han utforskar kvifor eit fokus på individuelle val ikkje er nok, og kvar vi bør rette den kollektive krafta vår om vi skal oppnå endring. Han meiner fleire av oss bør bli bevisste på fossilindustriens innverknad i Noreg, og korleis vi saman kan utfordre han.
Som medstiftar av klimagruppea Folk mot fossilmakta har Calum brukt sivil ulydnad for å setje søkjelys på rolla til fossilindustrien i Noreg. Han tek publikum med bak kulissene i arbeidet som løfta fossilsponsing opp på dagsorden i internasjonale medium, frå aksjonane under Ski-VM 2025 i Trondheim til Ski Fossil Free-kampanjen under vinter-OL i Italia denne vinteren.
Tid: Fredag kl. 10:45
Stad: Parkscena