Gjennom sju noveller møter vi unge kvinner som står midt i den urolege overgangen mellom å vere den ein har vore, og den ein prøver å bli. Dei lengtar etter nærleik, fridom og ei kjensle av å høyre til, men tek val som ikkje alltid fører dit dei håpa. Her finst forelsking og svik, vennskap og sakn, rus, skam, lengt og sårbarheit. Ulike menneske som prøver å finne fotfeste i ei verd der identitet, familie og tilhøyrsle ikkje alltid er enkle storleikar.
Monica Goksøyr er vaksen opp på øya Runde på Sunnmøre og har røter i Thailand. Ho markerte seg for alvor då ho debuterte med Slemme jenter i 2023, ei bok ho vann Tarjei Vesaas' debutantpris for.
I stemningsfulle Vinjebue kjem Monica for å snakke om Slemme jenter saman med litteraturvitar og forlagsassistent Vilja Antonsen i eit intimt og stemningsfullt bokbad. Vel møtt!
Tid: Torsdag kl 17:00
Stad: Vinjebue