Spørsmål og svar

Generelt

Festivalområdet opnar torsdag klokka 14. 

Vinjerock set opp eigne bussar frå Oslo, Sandvika, Bergen og Trondheim som går heilt til festivalområdet! Billettar kjem våren 2020. 

Ellers kan man ta kollektivtransport via Valdresekspressen, eller køyre og parkere på Tyin. Dei som parkerer på Tyin har inkludert skyttelbuss inn til festivalområdet på Eidsbugarden torsdag.  

Ja, det kan du - under visse føresetnader: Hundar slepp ikkje inn på sjølve festivalområdet. I campen kan du ha hund, så lenge den ikkje er til sjenanse for andre gjester. I Vang kommune er det bandtvang mellom 1. april og 31. oktober. Det er ikkje tillat med hund på festivalbussen, på grunn av busselskapet sine krav til allergiomsyn. Eigen transport kan tingast hjå transportsjef Maria Sivertsen, på e-post: sivertsen.maria@gmail.com

Ja, det har me! Det skal vera mogleg å finne noko godt å eta til fjells sjølv om ein har allergiar. Menyen er spikra nærare sumaren, og då finn du den her. 

Jepp! I samarbeid med Vang Energiverk set me opp ladestasjonar rundt omkring på festivalområdet. Fleire har ladepluggar for iPhone og micro-USB, medan ein har støpsel der du kan nytte din eigen lader.

I tillegg kan du kjøpe eller leie powerbankar frå Music Angel i krambua ved festivalinngangen. Her får du nylada powerbank som kan bytes inn når den er utlada uendeleg mange gonger under festivalen. Om du leverer den attende laurdag kveld får du 80,- attende i pant.

Av omsyn til tryggleik, naturvern og trivsel har vi nokre reglar for kva ein ikkje kan ta med seg eller gjere i festivalcampen: 

Eingongsgrillar
Glasflasker
Høgtalarar som speler med eit lydnivå som nærmar seg konsertvolum. 
Bålbrenning - nytt heller fellesgrillen vi set opp ved stranda

Det er lov å nytte primus, men vis omsyn og syt for sikker handtering av utstyret. 

PAKKELISTE

Du kan vera fersk eller gamal Vinjerockar, me vil likevel gi deg nokre tips på vegen opp i fjellheimen.

Mang ein Vinjerockar har vore både våt og kald når kvelden lir på, vårt mål er at du skal vera så tørr, varm, mett og tilfreds som mogleg når dagen er omme!

Viktigst av alt:

Armbandet ditt, legitimasjon (og gyldig medlemsprov hjå DNT om du har kjøpt rabattert billett)

Klede, sko og slikt

Ull er gull! Legg igjen finskjorta heime og kle deg praktisk (og for all slags vêr)! Lurt å ha i sekken er:

  • Ullundertøy (eit par lag)
  • Ullføsslo (Ullsokkar- fleire par)
  • Mellomlagsplagg i ull eller fleece
  • Dunjakke (sjekk vêrmeldinga)
  • Vasstett/vindtett jakke
  • Vasstett/vindtett bukse
  • Fjellstøvlar eller likande
  • Joggesko
  • Vottar og vantar
  • Skjerf/hals
  • Lue/anna hovudplagg som held toppen varm
  • Handkle
  • Toalettsaker
  • Lommerusk til dusjen på Fondsbu (det er mynteautomat - så ta med småpengar)
  • Solbriller (me håpar på sol)
  • Badekle (Bygdin ventar)
  • Shorts/t-skjorte (i tilfelle godt vêr)
  • Godt liggeunderlag og god sovepose
  • Stødig telt

Ting du òg bør hugse å ta med deg

  • Kart og kompass
  • Myggolje
  • Primus/kokeapparat
  • Toalettpapir (NB! Kast det i søpla, ikkje i naturen)
  • Fyrstikker
  • Solkrem
  • Termos
  • Kontantar og bankkort
  • Hovudlykt
  • Opplada powerbank til telefonen din. Du kan også leige frå Music Angel på området! 
  • Vinjerock.no for å få med deg nyttig informasjon

Og sist men ikkje minst: Ta med godt humør og feststemning!

Transport

Sundag på Vinjerock er heimreisedag, anten må du ta skyttelbuss ut til parkeringsplassen på Tyin, og køyre heim derifrå, eller så har du billett med ein av festivalekspressane som går til Oslo, Bergen og Trondheim. Meir info om reisa til og frå festivalen vil kome nærare festivalen. 

Utan tvil: Festivalekspressen! Festivalekspressen går frå Oslo, Trondheim og Bergen, og tek deg heile vegen inn til festivalområdet på Eidsbugarden. På søndagen hentar den deg inne på festivalområdet att. Billett vert lagt ut nærare festivalen. 

Festivalpass

Vinjerock sel billettar via Ticketmaster. 

Alt kjøp og sal av festivalpass utanom Vinjerock sine offisielle billettilbyder, Ticketmaster, skjer på eige ansvar. Les Forbrukartilsynet sine tips for feller du må unngå! 

Vi endrer betalingsløysing, og kjem ikkje til å sende ut armband i posten lenger. Dei får du sett på oppe på festivalområdet, så hugs billetten din! 

Vinjerock refunderer overskytande beløp på armbandet i 3 år etter festivaldato. Pengane som ikkje vart brukt opp på festivalen refunderes på følgande vilkår:

  • Påfylling på nett: Uteståande kreditt, kjøpt på nett eller på festivalen med kreditt- eller debitkort, tilbakebetalast automatisk til kortet ditt innan 7 verkedagar etter festivalslutt.

  • Påfylling på festivalområdet: Uteståande kreditt, som er kjøpt på festivalen med kontantar, krever at du fyller ut eit manuelt refusjonsskjema inne på Intellipay-sidene. Dette finn du under tilbakebetalingssida på kontoen din.

Om du har spørsmål kan du ta kontakt med oss på post@vinjerock.no 

Billettar til Vinjerock 2022 kjem for salg 3. desember kl 12, og 1. desember for DNT-medlem. Vinjerock sel festivalpass hjå Ticketmaster. 

Her står all info om billettsalet! 

Frivillig

Ein må rekne med å måtte jobbe ein del under festivalen, men me prøver å leggje til rette for at alle frivillige får ein heil dag fri til å nyte festivalen i sin heilskap. Sjølve arbeidsmengda er litt avhengig av kva arbeidsgruppe du søkjer på, men for oss i Vinjerock er det viktig at du som frivillig har ei minst like god festivaloppleving som resten av publikum. Alle får ei god blanding av både jobb og festival!

Vinjerock vert arrangert på Eidsbugarden ved inngangsporten til Jotunheimen 1060 moh, så innkvarteringsmoglegheitene er noko begrensa. Du vert difor oppfordra til å ta med eige telt/lavvo eller likande (evt. lån deg eit) om du vil ha tak over hovudet. Det er gratis teltplass til alle i festivalcampen og det finns moglegheiter for å turke klede, ta ein dusj på Fondsbu (det er mynteautomat - så ta med småpengar) og lade mobiltelefonen på fleire ladepunkt på festivalområdet og med batteribank du får leige i Krambua.

Ved ankomst Eidsbugarden vil du finne frivilligmottaket i same telt som Infoteltet/Inngangsteltet. Me satsar på å opne for frivilligregistering allereie onsdag kveld, nærare beskjed vil bli gjeve via SMS. 

Festivalarmband til dei frivillige vil bli utdelt i frivilligmottaket ved ankomst Eidsbugarden. Det blir dessverre ikke mogleg å fylle på pengar på armbandet før ein har registert seg. Les meir om armbanda her. 

Som frivillig på Vinjerock må ein som hovudregel møte opp i god tid før fyrste vakt. Det vil seie at har du vakt i løpet av torsdagen så møter du opp torsdag føremiddag. Frivilligmottaket vil vera opent stort sett heile helga.  

Me reknar med at dei fleste av dykk vil oppleve mest mogleg av festivalen, så me anbefalar at alle møter opp torsdag og blir heilt til sundag. Ein kan sjølvsagt reise før om ein er ferdig med sine tildelte vakter.

Om det krevst heilt spesiell opplæring til gruppa du skal jobbe på så er du sjølv ansvarleg for å møte opp til denne. Dette er individuelt for kvar gruppe, og du får beskjed frå gruppeleiar i god tid på førehand.

Korleis du kjem deg til Eidsbugarden vel du sjølv,  men vi oppfordrar til bruk av kollektiv transport/festivalekspressen eller at ein samkøyrer med dei du eventuelt skal reise med. 

Når du kjem fram til festivalparkeringa på Tyinkrysset/Tyin får du gratis parkering og sjølvsagt gratis festivalbuss inn til Eidsbugarden. Bussane vil gå i shuttletrafikk mellom festivalparkeringa og Eidsbugarden frå kl. 10 torsdag føremiddag. Ved vakt tidlig torsdag blir det organisert innkøyring onsdag kveld. Din gruppeledar gjer nærmare beskjed.