20 år med Vinjerock

lørdag 18.07 kl. 12:00
Uten Tittel 02. Juli 2026 Kl. 13.21.46

Me har tromma saman eit knippe tidlegare festivalsjefer for å få høyre soga om Vinjerock gjennom 20 år!. Me vil få oppturar (og nedturar?), gode historiar, dei spesielle augneblinka og kanskje vert me litt klokare på korleis ein liten festival har karra seg fast på Bygdins vestre breidde og blitt fast inventar, 1060 m.o.h. 

I sofaen møter du:

Eirik Høyme Rogn, ein av gründerane av Vinjerock, og festivalsjef over mange år. Sit framleis som ein av eigarane gjennom eigarselskapet Felagane AS. 

John Olav Hovde, mangeårig bookingsjef som òg var festivalsjef for Vinjerock i 2014 og fekk til saman 9 års erfaring på festivalen! 

Julie Forchhammer kom frå stillinga som miljøsjef i Øyafestivalen då ho vart festivalsjef i 2015, og utvikla festivalen gjennom fem år, til og med 2019. 

Sigrid Skjerdal var festivalsjef i åra 2020-2022 og skipa Vinjerock heilberga gjennom pandemi og utryggleik. 

Guro Furunes Pettersen gjekk òg frå bookingsjef til festivalsjef, og sat som festivalsjef i 2023-2024 før ho takka for seg med 10 år i Vinjerock i sekken.

Ingebjørg Blomlie Müller går inn i sitt andre år som festivalsjef for Vinjerock, og får jobben med å sende Vinjerock inn i sitt tredje tiår som festival i fjellheimen. 

Samtala vert moderert og sydd saman av Jenny Ulleland, arrangørfagleg rådgjevar i Norske Kulturarrangørar.