Endelig var me samla til fjells att! Og for eit etterlengta gjensyn. Sola tykte det same, for ho skein på oss tre dagar til endes (med ein regnskyll for å kjølne ned den heite stemninga utpå laurdagen der). Me starta rolig ut, med Sigrid Sandberg som fortalte om å ro gjennom landets lengste fjord. Derfrå gjekk tempoet opp opp opp, med Silent Disco der heile publikum synte fram både moves og allsangnivå. Ora The molecule, popkongen Metteson og Valkyrien Allstars heldt publikum heite utover kvelden, før Miss Tati emd sitt Angola 70 prosjekt fekk varmen og dansefoten i gang i heile hurven. Og så; skambankt. Deilig, deilig rock, for eit deilig deilig publikum.
So kom fredagen og berre “eg er ikkje noko dårligare”. Vinjerockarane gjekk mann- og kvinne av huse for å kome seg til fjells og plaske rundt i Bygdin. Og Vinjepride, då. Rekordmange Vinjerockarar stilte opp med glitter og flagg og rusla saman i ånd og kropp opp til reinen. Fleire hundre mennesker i eit fargerikt tog med utsikt over fjellheimen, og på toppen ein vakker appell frå Mats Grimsæth, song frå Kore-campen og nokre ord frå festivalsjef Sigrid Skjerdal. Fjellet er for alle, og kjærleiken like so. Me er varme hjartet og lukkelege over at Vinjerockarane er så gode. Nede på festivalområdet vart det quizza med sjefane Mia og Cider-Stig, og solsteikte hjerneceller fekk køyrt seg. Sondre Lerche sendte eit brus av glede med energinivået sitt, før Emil Karlsen innleia musikk-kvelden med samiske tonar. Musti tok Tøyen til fjells. Festialområdet vart sett i brann med brenn. Emilie Nicholas og Aiming for Enrike var balsam for øyrer og dansefot. Men kva er dette? Ein Hellbillies-bil var skoda på området. Kunne det vera overraskinga? Neida! Det var Riv i hjertet, stige og stjerner i augo då Sondre Justad tok Vinjerockarane på senga.
Festivalområdet vakna til liv siste dag. Intersport-teltet opna glidelåsen, og reperasjonsstova til Bergans og DNT Ung fiksa glidelåsar i naboteltet. Det var kurs i turmat og fjellets vakre vekstar, i godkar-stykkjo og ølsmaking. Det var turar til Falketind og Uranostind for å helse på sjela til Aasmund Olavsson Vinje som etter sigande flaksar rundt der oppe, og turar med terrengrullestol til Torshammaren og ut i camp. Laurdag var ein heil gjeng galningar i aksjon under Multisporten. Dei er no litt løgne, der dei spring rundt i fjellet med fanden i helane. Men i mål kom dei, og der fekk dei suppe og stor jubel. Me gløymer seint kvelden som kom med sølepyttar til å hoppe i, og grendehus-funk frå Fieh og gjengen. Med Daufødt, Sara Parkman, Kamara, Gundelach og eit fyrverkeri av ei bergenskvinne ved namn Gabielle var Vinjerock ein festival for historia. Me dansa oss inn i natta til Mamdu og Adipop sine beats, og gler oss stort til neste år.