Tenk at me endeleg var samla til fjells att, og for eit gjensyn det vart! 

Sist oppdatert 03. august 2022

Vêrmeldingane varsla ein blaut festival 1060 meter over havet, men som ein vinjerockar veit byr fjellet på så mangt - og i år fekk me for det meste kjenne sola varme fjellkroppen.

Frå Ora The Molecule opna festivalen torsdag, sjølvaste Sondre Justad gav oss tidenes overrasking og Gabrielle gav oss karaoken me alle har drøymd om, gjekk det i eitt med musikalske godbitar. Takk til alle artistar som gav oss den god Vinjerockstemninga me har lengta sånn etter. 

Ein stor takk og klem sender me og til alle dei frivillige som sørgde for at det i det heile taket vart festival oppe på Eidsbugarden. Dei har gjeve oss allsong på jobb, dei kjekkaste smila og dei beste latterbombane. Dei er hjartet i Vinjerock og kor glade me er i dykk! 

Og ikkje minst takk til alle de andre vanlege gjester som har bidrege med godt humør og dansesteg me ikkje visste eksisterte. Er det ein ting me er sikker på er det at ein vinjerockar kan å lage upåklageleg festivalånd!

Avslutningsvis vil me berre sei: det var som å kome heim, me sjåast neste år! <3

Foto: Joakim Mangen