No ligg det fyrste sleppet ute!

Sist oppdatert 07. mai 2026

På Vinjerock kan du både få lytta, opplevd og dansa frå deg til dei nydelege artistane som kjem, men når man finn seg sjølv mellom dei mektige fjella rundt Eidsbugarden, er det og fristande å klyve seg opp på dei! 

No kan du bla deg gjennom det fyrste sleppet av kurs og aktivitetar på Vinjerock 2026!

Saman med DNT Ung serverast det mellom anna vegetarmatkurs, singeltur for streite og skeive, og lågterskelturar til ei rekkje fjelltoppar rundt Eidsbugarden. Har du ein draum om å lære deg å spikke har du no også sjansen til å prøve deg! Dei inviterar og til ein frisk start på dagen med daglege morgonbad!

Om du vil bryne deg på klassikarane Uranostind og Falketind (pionérruta) kan dyktige fjellførarar frå Tau og Tind vise deg vegen.

Ikkje minst kan du både smake, bake og danse seg gjennom mat-og dansetradisjonar frå Vang og Valdres!

Billettane kjem for sal 11. mai!