Falketind - Pionerruta
Tau & Tind tek deg med på tur i pionerane sine fotefar! Turen startar frå Koldedalen og den fyrste etappen til foten av foten av Falkebreen er rimeleg lett. Her tek me på oss breutstyr (breen kan vera relativt rufsete), og set kursen mot Falketinden over breen. Me går av breen omtrent midt under lågaste punkt av ryggen under Falketind. Her held pionerruta fram med enkel klyving. Det er aldri vrien fjellklatring på turen, men det er såpass luftig at me nyttar tau. Den siste biten mot toppen er som ei sjarmøretappe til toppen som ruvar 2068 moh.
Gradering: Svart
Plassar: 4 per tur (to taulag på 2 med 1 guide på kvart lag)
Pris: 6900,- pr. taulag
NB! Ved kun ein (1) deltakar per taulag, blir pris framleis 6900,-
Tidspunkt:
- Torsdag 08:00 - 18:00
- Fredag 08:00 - 18:00
Utstyr:
- Stor og god matpakke
- Stor vannflaske (Det er mulig å fylle vannflasker underveis- dette betyr framleis ikkje at man skal unngå å ta med ein stor flaske)
- Gode sko
- Varme klær (vind- og vanntett skalljakke, lue, votter, buff, ullundertøy, ullsokker)
- Solbriller og solkrem
- Det er viktig å ha gode fjellsko som går over ankelen og har stiv sole. Dette for best mogeleg sikkerheit. Elles, stiller me med alt naudsynt bre- og sikringsutstyr.
Oppmøte: klokka 07:45 på den store parkeringsplassen ved Fondsbu, det er felles avreise frå festivalområdet og inn i Koldedalen med bil kl 08:00.
Turen er i regi av Tau & Tind