Veit du at nordmenn brukar tre gonger så mykje på sport- og friluftsutstyr som den gjennomstnittlege europear? Denne veka er det Grøn onsdag hjå DNT og mogleg å sikre seg nokre skikkeleg kupp! 

Sist oppdatert 03. mai 2023

22. mars er det Grøn onsdag hjå DNT over heile landet, det betyr at du kan finne alt du treng når du tek turen 1060 meter over havet i sumar. 

Finn ditt Grøn onsdag-arrangement

 

Nokre kjekke tips frå oss til deg for å gjere friluftslivet ditt enda grønare

Lei og lån utstyr framfor å kjøpe

Fleire leiger ut utstyr på Finn, Pinsj eller Hygglo. Du kan også låne utstyr heilt gratis på blant anna BUA Norge, dei har 170 utlånsordningar over heile landet. Sjekk ut www.bua.io for å finne din nærmaste. Kanskje finn du og noko du kan låne heime i skåpet hjå mor eller far? 

Om du må kjøpe, kjøp brukt. 

På både Tise, Vandre.no, og Finn finn du masse fint brukt friluftslivsutstyr til ein god penge. Underteikna sikra seg blant anna eit ubrukt telt til halv pris på Finn. 

Reparer det du allereie har og ta vare på det

Ein god start er å vedlikehalde utstyret sitt, da får ein glede av det lengst mogleg. Men er uhellet ute er det ofte lettare å reparere enn ein trur. Fleire av dei større friluftsmerka tilbyr å reparere utstyr du har kjøpt hos dei.

Reis kollektivt til fjells, køyr elektrisk og fyll opp bilen med fleire fjellglade folk

Og kva er eigentleg kjekt å ha til Vinjerock spør du? Her har me ei god liste til deg! 

  • Ullundertøy (eit par lag)
  • Ullføsslo (Ullsokkar- fleire par)
  • Mellomlagsplagg i ull eller fleece
  • Dunjakke (sjekk vêrmeldinga)
  • Vasstett/vindtett jakke
  • Vasstett/vindtett bukse
  • Fjellstøvlar eller likande
  • Joggesko
  • Vottar og vantar
  • Skjerf/hals
  • Lue/anna hovudplagg som held toppen varm
  • Handkle og svanemerka såpe for eit forfriskande bad i Bygdin
  • Toalettsaker
  • Solbriller (me håpar på sol)
  • Badekle (Bygdin ventar)
  • Shorts/t-skjorte (i tilfelle godt vêr)
  • Godt liggeunderlag og god sovepose - hugs at det blir kaldt om natta
  • Stødig telt

Ting du òg bør hugse å ta med deg

  • Kart og kompass
  • Myggolje
  • Primus/kokeapparat
  • Toalettpapir (NB! Kast det i søpla, ikkje i naturen)
  • Fyrstikker
  • Solkrem
  • Våtserviettar
  • Termos
  • Kontantar og bankkort
  • Hovudlykt