På Vinjerock har me aktivitetar som passar alle festivalgjengarar. 

Sist oppdatert 11. juli 2022

Vinjerock er ein festival for dei bedagelege og dei spreke, og blant kursa og aktivitetane på festivalen finn du noko som passar alle. Onsdag 15. juni klokka 12.00 kjem alle aktivitetane ut for sal - så da er det bare å kaste seg rundt!

På programmet finn du klassikarane Uranostind, Falketind og Galdeberget. Det er swingkurs og gokarkurs, og singeltur både for dei streite, dei skeive og dei i mellom. Det er kurs for deg som vil lære førstehjelp, eller du som vil imponere den søte karen du traff med lekker mat på primus. 

Dei populære kajakk-kursa er også på programmet, så her er det berre å kaste seg ut i det våre element. 

Likar du ikkje å planlegge? 

Det blir også lågterskelturar i regi av DNT ung der du ikkje treng å melde deg på i forkant. Kvar dag klokka 13 går ein tur frå Tuinformasjonen, til ein av toppane i nærleiken av festivalområdet. Turane tek rundt to timar, og det er fritt fram for dei første 25 som møter opp å bli med. 

Desse turane er perfekt for deg som vil sjå deg om med hyggeleg selskap, og ha med flinke turlederar som syner vegen. 

MULTISPORTEN - er det kanskje den du ventar på? 

Denne konkurrasen som måler vågemot, kondis, kreativitet og hjerneceller er rivande populær, og då gjeld det å sitja klar for å skaffe billettar. Få med deg ein lagkamerat med tæl, og hiv deg med! 

Og du? Det er slett ikkje farleg, du treng ikkje springe fort eller hoppe langt. Her er det berre å kose seg gjennom artige postar, i latterleg fine omgjevnadar.

Ser dykk til fjells, mykje tyder på at me skal kosa oss i år også. 

Sjå heile programmet for Vinjerock 2022 her og kjøp billettar