Vinjerock 2023 er utseld!
Me er utruleg glade for å sjå at så mange vil ta turen til fjells atter ein gong, Vinjerock 2023 er utseld! Kom her upp og kjenn eit annat liv!
Det kjem ikkje fleire billettar for sal.
Vidaresal og overføring av billettar
Om du ser at du ikkje får nytta deg av billetten din til Vinjerock 2023 er det sikkert nokon annan som vil ha han. Nytt av året er at Ticketmaster no gjev Vinjerockarar som ønskjer det tilbod om å nytte seg av Resale for vidaresal av billettar, trygt for både kjøpar og seljar. For å finne Resale-billettar må du logge inn på din brukarkonto og søkje opp Vinjerock på Ticketmaster, der vil du finne eventuelle ledige Resale-billettar. Det er ikkje mogeleg å få varsel Resale-billettar, ein må sjølv inn å sjekke.
Merk at om du ha kjøpt ein Resale-billett kan denne ikkje seljast på nytt i Resale.
I tillegg vil det og vere mogeleg å overføre billettar gjennom Ticket Transfer til veners brukarkonto før Vinjerock. Då kan dei sjølv bytte frå billett til bånd utan at du treng å vere til stades.
Det er opent for Ticket Transfer og Resale på DNT-billettar, men hugs at den du skal overføre/selje billetten til og må vere DNT-medlem for å nytte seg av billetten.
Hugs på
Me minnar om at av omsyn til tryggleik, naturvern og trivsel har vi nokre reglar for kva ein ikkje får ha med seg eller gjere i festivalcampen:
- Eingongsgrillar
- Glasflasker
- Høgtalarar som speler med eit lydnivå som nærmar seg konsertvolum som for eksempel Soundbox
- Bålbrenning - nytt heller fellesgrillen vi set opp ved stranda
Det er lov å nytte primus, men vis omsyn og syt for sikker handtering av utstyret.
Om billettsalet
Dei siste åra har vi opplevd stor pågang under billettsalet. Difor vel vi å skrive litt om korleis salet går føre seg. Kl. 14:00 opnar salet hjå Ticketmaster. Alle som er inne på kjøpssida for arrangementet blir lagt i ein tilfeldig kø. Når salet er i gang byrjar ein med å reservere billettar, for så å gå vidare i kjøpsprosessen. Når alle billettane er reservert kan ein difor få beskjed om at det ikkje finst fleire billettar. Nokre av desse kan verte tilgjengelege om ikkje kjøpsprosessen er fullført etter ti minutt.
Ein kan maks kjøpe opp til fire festivalpass per person.