Vinjerockarar, hald fast på alt de held kjært, for sjølvaste GBZ kjem te fjellheimen for fyrste gong! Låtane går endå raskare, riffa bit endå grovare, vokalen er meir desperat, og låttitlane, som GBZ alltid ha vorte rosa for, er meir treffsikre og latterlege enn nokon gong.
Sjølv om bandet kan skilte med seks studioalbum og over eit tiår med berykta liveopptredenar, har ikkje alderen drukna det som starta som fakleberarar for 90-tals-punken si arv. Sjølv om infantil nihilisme og reinspikka, småond moro no delvis er bytta ut med bleieskift og bustadlån, er GBZ framleis fulle av beksvart, satirisk humor.
Gjer dykk klare for konsert med eitt av Noregs aller beste liveband når Vinjerock feirar 20 år!