Sanyu

fredag 17.07 kl. 18:00
Sanyu Press Credit Ingvild Ness #3

Sanyu kjem attende til Vinjerock etter ein enormt vakker konsert i Vinjebue i 2025! GAFFA beskriv ho som «ei kunstnar som med eit smil gir fingeren til alle musikkjournalistar som helst vil putte kunstnarar i industriforma sjangerkassar». Musikken hennar blandar R&B, soul, rap og jazz med sterke tekstar og spoken word, og resultatet er eit uttrykk som både treff og utfordrar.

Ho har allereie spelt på festivalar i Noreg, Danmark, Sverige, Tyskland og Egypt, og har nyleg gjeve ut debutalbumet Circumspect. På scena har Sanyu med seg eit kraftlag frå den unge norske jazz- og elektronika-scena: Rino Sivathas, Kristina Fransson og Joachim Mørch Meyer, eit band som vekslar mellom rå energi og leikande samspel. Med bakgrunn som dansar flettar ho òg inn rørsle i det heile, så når Sanyu kjem te Eidsbugarden, blir det ei oppleving med både kropp, kraft og nerve.