NARA

Foto Eivind Landsvik14

Vinjerockarar, er de klar for ein fest utan like? NARA kjem fulltallig til Vinjerock for å danse oss inn i sumarnatta. Fleire av dei har tidlegare vore DJs på Vinjerock, men no slår med på stortromma og har invitert heile kollektivet til Eidsbugarden for å gjere om fredag kveld til KLUBB NARA.

NARA (Nordic Afro Rave Association) er eit kreativt kollektiv som byggjar eit moderne uteliv for underrepresenterte stemmer, med spesielt fokus på den sorte diasporaen, skeive og unge kreative i Norden. NARA er ikkje berre DJs, dei arbeider på tvers av konseptutvikling, eventer og kreative samarbeid som knyt folk saman på tvers av kulturar, industriar og generasjonar, alltid med eit fokus på autentisitet, impact og samfunnsbyggjing.

NARA består av 5 Oslo-ikoner og me gler oss heilt villt til å ta i mot Nora, Amira, Aissatou, Henriette og Nora til Eidsbugarden i sumar!