Vinjerock, gjer dykk klare til å ta imot ein vaskekte GOAT! Sjølvaste Medici Marstein avsluttar årets festival laurdag 18. juli! Dei siste åra har Marstein etablert seg som ein av Noregs mest innovative og kreative rapartistar, med både kommersielle suksessar og legendariske raplåtar under beltet.
Få kan skilte med merittlista han har opparbeidd seg. «Alle som er, har vore, eller skal bli noko, vil sjå Marstein. Og rapparen frir til dei alle», skreiv P3 om solo-comebacket hans. Med ekstremhits som «Frida Kahlo», «La Bohème» og «Sommerhus», og 2024-meisterverket «FRIHET I LENKER», har han erobra det vide land, og no er han klar for å få Jotunheimen til å riste.
Få artistar har påverka det norske musikklivet like mykje som Marstein dei siste åra, og me er heilt sjuuukt stoka på å avslutte 20-årsjubileet vårt med ein levande legende!