Me får storfint besøk frå Göteborg i sumar når kollektivet Fauna kjem til Vinjerock for sin aller fyrste konsert i Norge. Musikken er som eit meditativt ritual, der du vert dregen gjennom kratt og kjerr av ein kraftfull, vulkansk puls, og før du veit ordet av det, har tid og rom mista meining i ei sinnsutvidande ferd gjennom skogen og opp på vidda. Her får kroppen styre og tankane slepp taket.
Sidan dei debuterte med singlane “Animalisk” og “Cirkel” har dei hausta ros frå både publikum og kritikarar for sitt særeige psykedeliske og drivande lydbilete. Med si leikne blanding av organiske instrument og dansbare beats er det ingen tvil om at dette er eit band laga for Vinjerock! Hausten 2025 har dei fullført arbeidet med debutalbumet sitt og med turnear og festivalscener i sikte ligg alt til rette for eit travelt og pulserande 2026, sjølvsagt med eit stopp på Eidsbugarden!