Vi går til Vinjerock! Høyr her – no skal vi gjere noko du ikkje visste at du alltid har drøymt om! Bli med DNT ung og tjuvstart verdas finaste festival med ein førfestival. Vi skal nemleg gå oss til festivalstemning frå Bygdin Høyfjellshotell til Eidsbugarden. Turen går over 50 km, og på vegen vil du få besøke tre DNT-hytter på tre dagar.
Korleis få med teltet, sa du? Eller festivalstolen? Slapp av! Alt dette blir frakta frå turstart ved Bygdin Høyfjellshotell og til festivalen. Alle deltakarar får lov å sende eitt kolli. Det einaste du treng å bere sjølv på turen, er ein sekk med det du måtte trenge til dei tre dagane!
Dette blir garantert ein tur du seint vil gløyme. Føresetnaden for å bli med på turen er at du kan gå den oppgitte strekninga i gruppetempo og bere tursekken din sjølv under heile turen.
Dato: måndag 13. juli til onsdag 15. juli 2026
Praktisk informasjon
Deltaking er forbehalden personar mellom 18–30 år som skal på Vinjerockfestivalen.
Festivalpass er IKKJE inkludert i denne påmeldinga, det må ordnast av kvar enkelt.
Dette er ein tur som passar for dei som har gått tur i fjellet før og har ferdigheiter til å bere eigen sekk gjennom alle tre etappane. Det blir stilt krav til godt skotøy ettersom terrenget kan vere bratt og steinete.
Aldersgrense: 18–30 år
Pris: 800 kr for medlem, 1300 kr for ikkje-medlem. Bli DNT-medlem her Prisen inkluderer: måltid, transport av bagasje Bygdin–Eidsbugarden og turleiing.
Transport: Oppmøtestad er ved Bygdin Høyfjellshotell. Her er det moglegheiter for busstransport med Valdresekspressen frå Oslo, eller å kome og parkere med bil (hugs samkøyring!). Det går rutebåt over Bygdin, så ein kjem seg til bilen etter endt festival.
Mat: Vi lagar middagane og frukostane saman, andre måltid og snacks må takast med sjølv. Hyttene har proviantlager med tørrmat som kan kjøpast. Har du diettrestriksjonar eller spesielle matallergiar? Gi beskjed i påmeldinga, så skal vi gjere vårt beste for å ta omsyn til dette.
Overnatting: Det skal overnattast på to sjølvbetjente hytter: Tomashelleren og Yksendalsbu Det er sengeplassar, og ein må ha med lakenpose.
Pakkeliste: På denne turen er det viktig å kle seg og pakke riktig for tur i fjellet. Sjå DNT si pakkeliste for fjellturar om sommaren.
Frakt av bagasje: Alle får moglegheit til å leggje igjen alt som ikkje trengst på tur. Det er berre eitt kolli per person. Dette blir frakta frå Bygdin til festivalen.
PROGRAM
To turleiarar leier deg frå Bygdin til Fondsbu og Eidsbugarden desse tre dagane. NB! Ved få påmelde innan påmeldingsfristen vil turen bli avlyst. Alle deltakarar blir varsla minimum 2 veker i forkant ved eventuell avlysning. Deltakaravgifta vil då bli refundert.
Måndag: Vi møtest ved Bygdin Høyfjellshotell klokka 12. Herfrå følgjer vi stien til den sjølvbetjente hytta Tomashelleren (sjå etappen på UT.no). Etappen er krevjande, om lag 22 kilometer, og estimert tidsbruk er ca. 6 timar roleg gange. Vel framme ved hytta kan ein nyte den flotte utsikta før ein et ein god, sjølvlaga middag i hytta.
Tysdag: Vi tek turen frå Tomashelleren til Yksendalsbu. Etappen er 12 kilometer, men med god stigning både opp og ned. Turen går gjennom den fantastiske Dingledalen. Denne etappen byr på mykje myr og våte område, så ein bør hugse gode, vassette sko. Vel framme på Yksendalsbu er det berre å ta av seg støvlane og nyte ein god strekk på tunet før vi får oss ein god middag.
Onsdag: Siste etappe går frå Yksendalsbu til Fondsbu og Eidsbugarden Denne er på 17 km, og dagen startar med ein motbakke opp nordsida av hytta. Høgaste punkt på turen er ca. 1400 moh. Deretter ber det nedover Vennisstøldalen mot Bygdin, og festivalområdet kjem snart til syne.
Vilkår for deltaking på fellesturar med DNT: Når du melder deg på denne turen, stadfestar du at du har lese og akseptert vilkåra som er oppgitte i «Vilkår for deltaking på fellesturar med DNT».