Fjellswing

53059810923 Bdd67c405c O (1)

Alle desse kursa vil vare i 2 timar. Lenge nok til å ha det moro, kort nok til å ikkje gå glipp av alt anna på festivalen.

Hugs å melde deg på som «førar» eller «bli ført» alt etter kva du ynskjer å dansa som. Det er ikkje nødvendig å ha dansepartner for å melde seg på.

Fjellswing kjem i fleire versjonar: 

Fjellswing 1 og 2

På torsdag- og fredagskursa vil ein lære seg ein type 4-takts folkeswing, ypparleg for festival og moro, med Hallvard og Susanne. Du treng ikkje å ha dansa noko før. Her byrjar me med det grunnleggande og byggjer vidare med artige turar som gjer det lett å svinge seg på dansegolvet. Dansen er allsidig og leiken, fungerar godt til både rask og rolegare musikk, og har plass til mange kjekke sprell.

Gradering: grøn

Antal plassar: 20

Pris: 450,-

Tidspunkt:

- Torsdag: 13:00-15:00

- Fredag: 15:00-17:00

Utstyr:

- Godt humør

- Sko som er mogeleg å danse i (for følgere er det anbefalt med glatt sole)

Oppmøte:  Over vegen frå turinformasjonen, skilt med "Møteplass"

Fjellswing 3 

Laurdagens kurs er med Hallvard og Ingrid. Dette er ein type rockeswing som dei har lært heime av familie og venner. Du kan kalle det ein «kjøkkenswing» om du vil. Det er ein 4-taksswing som passer for å lage show for eller vise seg langt inn i de seine nattetimar. Me kjem til å ha fokus på heilheit i dansen og lette turar som egnar seg til rask musikk.

Gradering: grøn

Antal plassar: 20

Pris: 450,-

Tidspunkt:

- Laurdag: 09:00-11:00

Utstyr:

- Godt humør

- Sko som er mogeleg å danse i (for følgere er det anbefalt med glatt sole)

Oppmøte: Over vegen frå turinformasjonen, skilt med "Møteplass"

Fjellswing 4 - for vidarekomande 

Klar for å løfte swingdansen til nye høgder på Vinjerock? Dette kurset er for deg som allereie meistrar grunntrinna og vil ha meir fart, flyt og leik i dansen! Vi køyrer på med vidarekomne turar, betre teknikk, smidig føring og tett samspel – alt pakka inn i god stemning og masse danseglede. Undervegs skrur vi opp nivået og testar nye utfordringar, og for dei som verkeleg vil tøye grensene, blir det òg mogleg å prøve seg på å danse med to partnarar samstundes! Ta med dansesko, glimt i auget og godt humør – dette blir ei rå og energisk danseøkt i fjellheimen!

Gradering: grøn

Antal plassar: 20

Pris: 400,-

Tidspunkt:

- Laurdag: 16:00-18:00

Utstyr:

- Godt humør

- Sko som er mogeleg å danse i (for følgere er det anbefalt med glatt sole)

Oppmøte: Over vegen frå turinformasjonen, skilt med "Møteplass"

 

Gradering av turar

Grøn (Enkel): Dette er stort sett korte og enkle turar som passar for alle, utan krav til spesielle ferdigheter eller utstyr. 

Blå (Midddels): Dette er turar som passer for deg som har grunnleggjande turferdigheter og er i normal fysisk form.

Raud (Krevande): Turar merka med raudt passer for erfarne turgåere, med god utholdenhet. Turane krev ofte gode tursko og bekledning. 

Svart (Ekstra krevande): Dette er turar som passar for erfarne fjellfolk, med god fysikk, styrke og utholdenhet. Gode tursko og bekledning trengs på desse turane. På desse turane vil me stille med nødvendig utstyr som stegjern, tau og sele etc. 

Merk at uforutsette hendingar som er utanfor Vinjerocks kontroll ikkje gjev krav på refusjon for allereie betalte aktivitetar.