Bli ein ekte Vinjerockar med fiskestong og opplev naturen på sitt beste. På denne turen får du høve til å prøve fiskelykka i vakre omgjevnader, med alt du treng lagt til rette for ei god oppleving. Undervegs møter du ein mystisk mann som har hausta rikdomane frå Bygdin i årevis. Han deler av si tause kunnskap, og med litt tolmod og kløkt kan du sjølv bli både stolt og mett. Målet er enkelt: å fange fisk, lære noko nytt og nyte det naturen har å by på, før vi avsluttar med eit felles måltid der fangsten står i sentrum.
Kvar fisketur varer i om lag 2 timar og 15 minutt, med oppmøte på høgda over vegen ved infoteltet. Her får deltakarane utdelt utstyr og ein kort introduksjon før vi går samla til brua ved Mjølkedøla. Der får du ei enkel innføring i bruk av fiskeutstyr før gruppa blir delt i to, med kvar sin aktivitetsleiar. Vi fordeler oss på kvar side av elveutløpet, slik at alle får gode høve til å prøve fisket i rolege omgjevnader. For dei som får fisk, blir det eit lite sløyekurs undervegs. Fisken blir teken godt vare på i kaldt vatn fram til matlaginga, slik at kvaliteten held seg best mogleg. Turen blir dokumentert med bilete av fangsten, og sjølvsagt blir det ekstra merksemd til den som får dagens største fisk.
Etter fisket samlast vi til eit felles måltid der vi lagar mat av det vi har fått. Vi satsar på god fangst og lagar ein nordisk variant av paella saman. Har du eige fiskeutstyr, er det berre å ta det med, men vi stiller òg med stenger og eit utval av gode slukar til utlån. Ta gjerne med primus, steikepanne og noko godt å drikke til måltidet.
Gradering: Grøn
Antal plassar: 15
Pris: 550
Tidspunkt:
- Fredag 10-13
- Lørdag 13-16
Utstyr:
- Varme kle
- Fiskeutstyr om du har
- Drikke
Oppmøtestad: “Møteplassen” ovenfor turinfo