Vegetarmatkurs på primus

Turmatkurs 2017 Bendik Hassel 4

Er du glad i å vere ute – men kanskje ikkje like glad i rett i koppen? Har du moglegheit til å ta med ein ingrediens eller to på tur, men er usikker på kvar du skal starte? Bli med på vegetarmatkurs på primus saman med oss i DNT ung!

Her får du moglegheit til å tenkje kreativt og berekraftig rundt mat på tur, samtidig som du får ei god innføring i bruk av primus. Saman lagar me næringsrike og smakfulle rettar som passar like godt på ein nærtur i marka som på ein langtur over vidda.

Bli med og tenk nytt, lær gode tips og triks – og viktigast av alt: lag skikkeleg digg turmat!

Gradering: grøn

Antal plassar: 12

Pris: 150,-

Tidspunkt:

- torsdag: 15:00-17:30

- fredag: 15:00-17:30

Utstyr:

- klede etter vêr

- sitteunderlag

- drikke (vatn, termos med kaffe etc)

- tallerken og bestikk

- ta med eget primussett om du har og ynskjer å bruke det 

Oppmøte: Over vegen frå turinformasjonen, skilt med "Møteplass" 

Gradering av turar

Grøn (Enkel): Dette er stort sett korte og enkle turar som passar for alle, utan krav til spesielle ferdigheter eller utstyr. 

Blå (Midddels): Dette er turar som passer for deg som har grunnleggjande turferdigheter og er i normal fysisk form.

Raud (Krevande): Turar merka med raudt passer for erfarne turgåere, med god utholdenhet. Turane krev ofte gode tursko og bekledning. 

Svart (Ekstra krevande): Dette er turar som passar for erfarne fjellfolk, med god fysikk, styrke og utholdenhet. Gode tursko og bekledning trengs på desse turane. På desse turane vil me stille med nødvendig utstyr som stegjern, tau og sele etc. 

Merk at uforutsette hendingar som er utanfor Vinjerocks kontroll ikkje gjev krav på refusjon for allereie betalte aktivitetar.