Møt ein framand – ein workshop for dei modige

fredag 18.07 kl. 11.00
53061629643 D37605f95e O (1)

Er du klar for å utfordre komfortsona di og oppleve nye måtar å knyte band på? I denne 45-minutters workshopen får du moglegheit til å utforske nysgjerrigheit, mot og nærvær på ein heilt ny måte.

Gjennom ein kraftfull kombinasjon av eye-gazing, guida meditasjon og deling med menneske du ikkje kjenner, blir døra opna for djupare kontakt – både med deg sjølv og med andre. Kanskje går du herifrå med eit nytt perspektiv… eller ein ny ven?

Kurset blir arrangert i historiske Vinjebue og er i regi av Tuva Bjørnstad (@pustetuva)

Kven er Tuva?
Tuva brenn for alt som får oss til å kjenne oss meir levande og til stades i livet me lever. Anten det er gjennom pust, rørsle eller djupe møte med menneske, søkjer ho alltid det som vekkjer nysgjerrigheit og opnar nye dører.

Med ein kjærleik for eventyr har ho mellom anna haika med framande rundt om i verda, gått pilegrimsreiser og budd i van i tre år – noko som etter kvart leia ho i retning av pusten. Som utdanna breathwork-fasilitator held ho workshops som utfordrar, inspirerer og hjelper folk til å utforske kven dei er – og kva som eigentleg betyr noko i livet.

Ting Møt ein framand – ein workshop for dei modige

Gradering: Grøn

Antal plassar: 20

Pris: 150,-

Tidspunkt:

  • Fredag 11:00-11:45

Utstyr:

  • Varme og behagelege kle
  • Sitteunderlag eller yogamatte
  • Eit ope sinn

Stad: Vinjebue 

Gradering av turar

Grønn (Enkel): Dette er stort sett korte og enkle turar som passar for alle, utan krav til spesielle ferdigheter eller utstyr. 

Blå (Middels): Dette er turar som passer for deg som har grunnleggjande turferdigheter og er i normal fysisk form.

Raud (Krevande): Turar merka med raudt passer for erfarne turgåere, med god utholdenhet. Turane krev ofte gode tursko og bekledning. 

Svart (Ekstra krevande): Dette er turar som passar for erfarne fjellfolk, med god fysikk, styrke og utholdenhet. Gode tursko og bekledning trengs på desse turane. På desse turane vil me stille med nødvendig utstyr som stegjern, tau og sele etc. 

Merk at uforutsette hendingar som er utanfor Vinjerocks kontroll ikkje gjev krav på refusjon for allereie betalte aktivitetar.