Du finn Aasmund sin lesekrok i storteltet!
Vang folkebibliotek inviterar til Aasmund sin lesekrok! Eit minibibliotek på Vinjerock der (normalt store) bibliotektilsette ønsker deg velkomen innom torsdag mellom 14:00-16:00, fredag og laurdag mellom 10:00-16:00
I Aasmunds lesekrok kan du
- lese det vi har i hyllene
- låne med deg til teltet. Og viss du ikkje er ferdig innan sundag, ja, då kan du ta med boka heim og levere den på eit bibliotek nær deg.
Du treng ikkje lånekort!
Ikkje bokorm? Du kan utfordre nokon på yatzy, sjakk eller kort, eller berre henge rundt og gjere nesten akkurat det du vil.
Dette har me med:
Teikneseriar, romanar og korte historier, dikt, eventyr, blader og fagbøker.
Gamalt og nytt, spøk og alvor, aktuelt og uaktuelt, men likevel moro.