I mange år har vi servert kortreist mat, frå eingangsartiklar som kan komposterast. No vil vi eksperimentere, for å bli enda betre. 

Sist oppdatert 23. juni 2021

Det er eit nytt år og ein ny somar uten Vinjerock på Eidsbugarden. I påvente av festival har vi tatt fatt på nye aktivitetar, og flytta festen 500 høgdemeter ned. 

Rundt tre mil frå festivalområdet, og midt i mellom fjellveggene i Vang har vi laga vår heilt eigen festivalhage.

Målet er å sjå kva for nokre grønsaker som voks best på 480 meter over havet, og teste kompostering av eingangsartiklar på eigen hand. 

 Planting i festivalhagen

Prosjektet er under leiing Maria Sivertsen, vår transportsjef som tilfeldigvis også er agronom.  Saman med Voksensopplæringa i Vang, og Lund arbeidssenter har vi brukt vårhalvåret på å pløye, plante, vanne og så, over 30 sortar som vi håpar på å kunne servere på neste års festival. Den daglege oppfølginga blir gjort av aspirerande bonde Eirik Høyme Rogn, som eig garden vi held til på. 

Festivalsjef Sigrid Skjerdal røper at dei har hatt ei bratt læringskurve i det nyoppstarta prosjektet. 

– Nydelig sol og null regn har gitt småplantene ein litt tøff start, så vi er spente på kva som klarer seg, seier ho ivrig. 

Sigrid i festivalhagen

Frå matfat til nattmat

I tillegg til dyrking skal festivalbøndene og finne ei løysing for gjenvinning av avfall. 

I år vil vi teste forskjellige typar koppar og fat, glas og bestikk, for å finne ut kva som egnar seg best til å bli til jord igjen. 

Kanskje kan neste års festivalavfall bli til jord og så grønsaker året etter? Det gjenstår å sjå. 

For hyppige oppdateringer på korleis det går, sjekk ut @festivalhagen på Instagram.