Kvart år er omkring 750 friskusar i sving 1060 meter over havet for å lage gode opplevingar for festivalfolket. 3. mars opnar me for frivilligsøknader - bli med då vel! 

Sist oppdatert 14. februar 2024

- Det beste med å vere frivillig på Vinjerock er at du får bli kjent med masse nye mennesker i eit fantastisk miljø omringa av spektakulær natur, seier frivilligansvarleg Torgeir Molvær.

Som frivillig får du festivalpass og ei frivilligpakke med all infoen du treng. Alle får litt fritid til å nyte konsertane og festivalen. Du får også moglegheit til å vere med på ei heil helg med kickoff for dei frivillige i juni. 

Frivilligsjefen seier dei frivillige må vere budd på at dei får brukt kroppen godt under festivalen, og at ein får nokre fine dagar på jobb 1060 m.o.h. 

– Me er gode på å ta vare på kvarandre der oppe og det er mykje god stemning og mykje latter, seier Molvær.

Når du søker som frivillig, aksepterer du automatisk frivilligkontrakten, trykk HER for å lesa igjennom. 

Les meir om å vere frivillig

Nokre kjekke tips til frivilligsøknaden
Det er mange som søker om plass som frivillig til Vinjerock. Det trengs omkring 750 personar og me har tidlegare opplevd stor pågang for å vere med på laget. Frivilligsjef, Torgeir Molvær har difor nokre tips til deg som skal i gang med søknaden no.

1. Fortell oss om deg sjølv

– Me vil bli kjent med deg og kven du er, skriv kort og godt om deg sjølv. 

2. Skil deg ut

– Me har fått søknader med både dikt og songar, men det viktigaste er at du fortel oss kvifor du passar som frivillig her. Vi går igjennom nokså mange søknader, så det er ein fordel å skilja seg litt ut.

3. Dobbelsjekk telefonnummer og epost

– Det er viktig at me får tak i deg med informasjon. Sjekk derfor at du har skrive rett kontaktinfo. Me har ôg hatt litt trøbbel med nokon epost-tenester. Unngå gjerne å bruka hotmail, live eller outlook, fordi dei har så høgt spam-filter. Brukt gjerne ei gmail-adresse eller andre servera.

4. Søk tidleg!

–  Jo tidlegare du søkjer jo betre er sjansane dine. Søkjer du før mars, kan du forventa å få svar frå oss innan 31. mars.

Me har frivillige i alle aldrar og skal legge til rette så godt som mogleg slik at alle får god opplæring og gode opplevingar, seier han.

Som frivillig får du, i tillegg til å oppleva Noregs vakraste festival utan å betale eit raudt øre:

  • Festivalpass (dette får du inne på festivalområdet)
  • Vere med på Vinje Rockehøgskule (ei helg i juni der me blir kjend, lærer og har det kjekt i vakre, vene Vang i Valdres)
  • Mat medan du er på jobb under festivalen
  • Litt godsaker frå festivalen sine sponsorar
  • Ei unik frivillig-T-skjorte
  • Gratis transport t/r Tyin–Eidsbugarden (på oppsette tidspunkt)
  • Rabattert parkering på Tyinkrysset, men me oppmodar dykk til å fylle bilen med fleire vinjerockarar eller ta kollektivtransport då det er begrensa med parkeringsplassar.
  • Garantert nye, kjekke venner for livet

Har du spørsmål eller er usikker på kva gruppe som passar for deg? Fyr av ein mail til frivilligsjefen Torgeir Molvær på e-post frivillig@vinjerock.no.

NB! Aldersgrensa for å vere frivillig på Vinjerock er 18 år.