Kjære Vinjerockarar, velkomen til Vinjepride!
Endeleg er me samla her på Reinen att. Sjølv om det er mykje fargerike fjellklede her i fjellheimen, er detta den mest fargerike plassen. Det er alltid eit høgdepunkt her på Vinjerock når me samlast for å feira kjærleiken og mangfaldet. Eg blir så utruleg varm om hjartet og er så kry av å kunne stå her saman med dykk i dag for å syne fram at her høyrer me alle heime, uavhengig av hudfarge, legning, kjønn, kulturell bakgrunn og tru. At du har valt å vere akkurat her i dag er eit rungande JA til at alle mennesker har ein rett til å leve frie og trygge liv.

For på Vinjerock og i fjellet høyrer me alle til, fjellet skil ikkje på kven me er eller kven me elskar. Det lagar gnagsår alle føter, regnet fell på alle kinn og vinden riv tak i alle kroppar. Fjellet behandlar alle likt, og det gjer me på Vinjerock ôg. Løft regnbogeflagget høgt til feiring og lat oss fortsatt fortsette kampen samen.