Valdrisen spør og me svarar: Korleis blir det med lokalsal i år? 

Sist oppdatert 29. november 2024

Den som ynskjer seg billett til Vinjerock skal sjølvsagt ha moglegheit! Tidlegare har innbyggjarar i Valdres måtte møte opp på ei fastsett tid og stad i Vang og på Fagernes for å sikre seg eiga salskode til Vinjerock-billettar hjå Ticketmaster. 

No endrar me på dette! Salet av lokalbillettar startar måndag 2. desember. Det er fyrstemann til mølla, og me tek atterhald om at det kan gå tomt! 

Du må framleis kjøpe billetten på Ticketmaster, men reserveringa ved å hente kode vert meir tilgjengeleg! Du treng berre å møte opp på Kontorfellesskapet 1724 i Vang eller i Valdres Storhall på Leira på desse tidspunkta: 

Kontorfellesskapet 1724: 

Måndag 2. desember: 10-18
Tysdag 3. desember: 10-15
Laurdag 7. desember: 15-18
Laurdag 7. desember bonus: i Vang kyrkje før jolekonsert med Moddi! 18:30-19:00 

Valdres storhall:

Onsdag 4. desember: 10-16
Torsdag 5. desember: 10-18

Alt elles om billettane til Vinjerock 2025 kan du lese her! 

Velkomen innom oss <3 

Spørsmål? Du når oss alltid på post@vinjerock.no 

 

Billettprisar 2025

Ordinær: 3120,- + bill.avgift

DNT-medlem: 3070,- + bill.avgift

Festivalpasset gjev inngang til festivalområdet oppe på Eidsbugarden, konsertar, samtaler og eit breitt aktivitetsprogram over tre dagar. I tillegg er skyttelbuss tur/retur (torsdag og sundag) frå parkeringa og inn til festivalområdet inkludert, og avmerka festivalcamp med sanitæranlegg

Born til og med 12 år: Gratis i følgje med ein føresett med festivalpass. Skal du ha med born? Meld ifrå på post@vinjerock.no

Mellom 13 og 18 år: Born mellom 13 og 18 år har tilgang til festivalen med festivalpass og i følgje av ein vaksen med festivalpass

Det er ikkje mogleg å kjøpe dagsbillettar til Vinjerock

Kjøpsvilkår billettar

Når du byter frå billett til band må du vise legitimasjon. Gyldig legitimasjon er:

  • Fysisk førarkort (inkludert mopedførarbevis med bilete og fødselsnummer)
  • Bankkort med bilete   
  • Digital ID i BankID-appen
  • Pass 
  • Nasjonalt ID-kort 
  • Forsvaret sitt ID-kort 
  • Opphaldskort
  • Utlendingspass 
  • Asylsøkarbevis
  • Reisebevis for flyktningar