Som fyrste Miljøfyrtårn i Vang kommune forplikta Vinjerock seg allereie i 2012 til å rapportere på, forbetre og redusere fotavtrykket av å lage den kjære festivalen vår, eit arbeid som er heilintegrert gjennom organisasjonen og arbeidet som vert lagt ned. Likevel kan man alltid verte betre, og langsiktige og meir strukturelle løysingar er me avhengige av gode partnarar for å ta tak i!
Difor var det så kjekt å få Hafslund med på laget! Som hovudsamarbeidspartnar har dei hjulpe oss med å sjå på tiltak som skal monne!
Elbuss til fjells
Til Vinjerock 2025 kunne me, med hjelp frå Hafslund, for fyrste gong tilby elektrisk ekspressbuss frå Bergen, direkte til Vinjehovudet på brygga ved Eidsbugarden hotell. Nærare og meir knirkefritt kjem du ikkje festivalinngangen med offentleg transport, og meir miljøvenleg enn dette vert det dessutan ikkje å reise til Vinjerock. Bussen gjekk i skyttel mellom parkeringsplassane på Tyin/Tyinkrysset og festivalområdet resten av helga, og køyrde retur til Bergen på syndagen.
For at bussen skal kunne ladast stilte Hafslund òg med batterihengar som vart lada opp på det eksisterande straumnettet.
- Batterihengeren sikra oss frå å overbelaste straumnettet med lading av el-bussen! Det kjennes trygt å vere sikra mot straumbrot på til dømes scena eller i matserveringa, seier områdesjef i Vinjerock Eskil Røe
Me gler oss stort over at elbuss igjen vil køyre ein tur til Vinjerock i 2026, i år frå Oslo! Billettar vil kome for sal før påska 2026.
Heite telt i kveldinga
Når sola går ned og kvelden sig på, kan det verte hustrint for både publikum og frivillige på jobb. Difor må saniteten, artistområdet, mattelt og stortelt holdes varmt for å sikre gode arbeidsvilkår og plassar å varme både nevene og sjela.
Hafslund stilte med miljøvenleg oppvarming i form av varmepumper som fungerte godt i været me hadde i 2025. Me gler oss til å fortsette å teste desse varmepumpane og finne ut kva dei er gode for, spesielt om det skulle bli ekstra kalde kveldar. Varmepumpane går på termostat og sluttar å gje frå seg varme om dei merkar det har vorte god temperatur i teltet, men sluttar aldri å sirkulere luft. Dette gjev eit bra inneklima i teltet til alle døgnets tidar, og det kjem ekstra godt med på dei varmaste dagane når sola steikar og du vil søkje skugge og behageleg luft/temperatur inne i telta.
Men, kvifor meir bruk av elektrisitet?
Straumen Vinjerock nyttar er sponsa av Vang Energi, den lokale kraftprodusenten og nettleverandøren! Å erstatte diesel i oppvarming og transport sparar oss for utslepp, og hjelper oss med å betre nytte den sparsamme infrastrukturen som allereie eksisterar på Eidsbugarden. At Hafslund gjev oss moglegheita til å etterspørre el-bussar er også positivt for markedet for tilbydarane, som er inne i spanande tider med utskifting til el-køyretøy.
Me lovar at me fortsatt nytter straumen med omhu, for klima tek me på alvor!