Test den fyrste el-bussen til Vinjerock!

Sist oppdatert 21. mai 2025

Festivalekspressane ligg no ute for booking!

No kan du endeleg planlegge reisa di til Vinjerock! Den enklaste måten er uten tvil å hoppe på festivalekspressen frå destinasjonane Oslo, Sandvika, Bergen, Voss, Dombås eller Trondheim, og trille strake vegen heil til fjells. Då unngår du bussbyter eller parkering/skyttelbuss, som ein elles må nytte seg av for å kome seg på Vinjerock. Festivalekspressane vert levert i samarbeid med JVB

Ein av årets nyheiter er at ein av bussane frå både Bergen og Trondheim tar ein stopp på Voss (Bergensbussen) og Dombås (Trondheimsbussen). Det vil i år for fyrste gong vere mogleg å tinge seg billettar til og frå desse destinasjonane og! 

Finn ledige bussbillettar nederst i artikkelen!

Vel el-buss med Hafslundekspressen 

I samarbeid med Hafslund køyrer me for fyrste gong el-buss som festivalekspress. 

Transport står for den største delen av utsleppa i forbindelse med å arrangere Vinjerock, og no vil me sjå korleis elbussar kan bidra i vårt mål om 50% utsleppskutt innan 2030. Langdistansebussar i Norge er i startgropa med å gå over til EL, og saman med Hafslund vil me vêre med å teste! Vær ein ekte Vinjerockar og bli med på denne førstereisen. 

Som ein test fyrste året vert direktebussen som reiser frå/til Bergen elbuss - og denne finn de saman med resten av festivalekspress-billettane her!