Plakaten til årets eventyr fyllast på med legendarisk punkrock, alternativ poprock og psykedeliske beats!

Sist oppdatert 19. februar 2026

Det er ei ære å presentere at Kollektivet Fauna kjem på sin aller første tur til Norge når dei kjem opp til Eidsbugarden for å teste sine psykedeliske lydar på eit fjellfriskt publikum! Med debutalbumet i sekken ventar me at sveitta vil dryppe og smila vil gå frå øyre til øyre hjå Vinjerockarane under denne Norgespremieren. 

Vestlandsbandet Oddny har allereie hausta prisar og stipend med låtar som "Alma" og "Oktober, Bergen by" og skal med tekstar fylt av nærleik og nerve røre Vinjerockarane midt i hjarterota. 

Og sist ut for denne gong skal The Good The Bad and The Zugly endeleg gjere sin entré på Vinjerock! 90-talspunken lev i beste velgåande gjennom dei heilt råe karane som med eit tiår og seks album i kofferten held koken til dei grader, og skal få med Vinjerockarane på det same!

Velkomne til fjells, me gler oss!