Tre gonger i året kjem den svært lokale tidsskrifta Eidsbugarden Bodstikke ut, og Vinjerock har i mange år hatt ei fast spalte her! No kan du som ikkje er abonnent òg lese kva me skriv! God lesing, og god påske!

Sist oppdatert 27. mars 2026

Endeleg merkast det at sola og jordas vinterdans vippar mot lengre dagar. Frå å køyre over Eggåsen i bekmørket kan eg no skimte blå himmel der bak det tjukke skylaget som har prega store deler av nyåret nede i bygda. Og med lysare dagar kjem og forventingane og gleda over ein sumar i horisonten, som skal romme så mangt når Vinjerock inntek Eidsbugarden for tjuande gong.

Kom her up og kjenn eit annat liv?

Eg tok meg sjølv i å tenkje på slagordet til Vinjerock her for litt sidan. Me inviterar alle til å følgje Aasmund Olavsson Vinje si oppfordring om å Kome her up og kjenne eit annat liv. Han uttala det riktignok om Rondane, men fjell er ein gong fjell, og den same sjela finnes til dei gradar på Eidsbugarden. Men kva er eit anna liv for Vinjerockarane? 

For, Vinjerockarane er forskjellige. På høgaste høgsesong møtest unge studentar, ivrige DNT medlem, kontormedarbeidarar, arbeidsfolk, lokale eldsjeler, kulturarbeiderar, hytteeigarar og pensjonistar til ei helg fylt til randen med aktivitetar og glede. Vinjerockaren kan gå frå eit hektisk og fritt student-tilvære i asfaltjungelen til å sove i telt for fyrste gong, eller vere ein fjellvandrer med veker åleine i fjellet bak seg før dei finn folk og full timeplan innerst ved Bygdins vestre ende. Vinjerockaren er ein Valdris med snømåking og grasklipping på helge-agendaen, og hyttefolk som byter ein roleg stund med bok og fjellets stillheit mot ein livat agenda, denne helga midt i juli.

Det skal glitre av stjerneskot på Vesle- og Store-Vinje!

Om ikkje lenge er programmet til Vinjerock fulltekna, og bookingsjefen har jobba hardt for å gje oss eit program som både skal treffe dei unge og gamle, og pirke i nysgjerrigheita til den som søkjer nye inntrykk. Sjølvaste The Good The Bad and The Zugly inntek fjellheimen for fyrste gong, og skal blåse Vinjerockarane av føtene med sine hardbarka låtar og røffe punkrock. Nyleg spelemannsnominerte Iver Strand Senneset er frontmann for det nye poprock-bandet Oddy, som allereide har merka seg med utselde konsertlokalar og føl-godt-låtar i radio. Dei set snuta til fjellheimen og tek med låtar som “Oktober, Bergen by” og “Alma” til scena på Bygdins veistre breidde! I år vil Scandinavia syne seg i programmet, og kollektivet Fauna representerar Sverige i artistbuketten. Dei meditative og psykedeliske tonane deira skal lokke Vinjerockarane ut på dansegolvet. Countryfenomenet Diddi Velle skal og by på lekre tonar og eit livat sceneshow for alle som set sjangeren i høgsetet, og den spanande og nyetablerte Sa_G skal utfordre publikum med sin kompromisslause rap som har fått ros frå både Cezinando og Chirag sjølv! Ikkje minst gjer Staut ein snarleg tilbakekomst, dei fekk swingføtane til å gå i kryss då dei inntok Store-Vinje i 2024, og me tykkjer dei er ei perfekt gåve til alle som vil feire at Vinjerock er 20 år i 2026!

Eventyrlege dagar på fjellet ventar

Som seg hør og bør kan Vinjerockarane gle seg over eit rikhaldig aktivitets-og foredragsprogram både før og mellom konsertane. Det vert både planlagt revy, folkemusikk-innslag og eit eige jubileums-øl i anledninga årets festival, og me er såpass ambisiøse at me skal prøve å slå verdsrekord i Hallingdans midt på blanke ettermiddagen! Som de ser er det mange ballar i lufta som skal lande før dørane kan opnast på torsdag kl 14:00, men som eg gler meg til å ynskje dykk velkomne inn til den beste helga i året! 

Møt ein Vinjerockar

Om du har beundra innhaldet vårt i sosiale medier dei siste åra vil du no få eit andlete bak kontoane. Årdølen Jenny Hatlelid Holsæter er Blestsjef i Vinjerock og med dèt, ein del av den frivillige Vinjestaben som jobbar gjennom året for å planlegge festivalen. Sidan 2022 har ho sprunge rundt på Eidsbugarden og sytt for at våre some-kanalar er fylt med både videoar, spektakulære bilete, videredelingar og nyttig informasjon! No deler ho sine tips og tankar rundt vervet i Vinjestaben.

Kvifor er du frivillig på Vinjerock?
Eg blei med som frivillig fordi eg hadde høyrt så mykje fint om festivalen, og sidan det ikkje er så langt heimanfrå, kjende eg at det var heilt naturleg å prøve. No blir eg år etter år fordi Vinjerock er noko heilt for seg sjølv. Det å få vere med og lage festival midt i Jotunheimen, i fjell og natur, saman med ein heilt fantastisk gjeng frivillige, er rett og slett magisk.

Kva må du absolutt ha med deg på festival til fjells? 
Strikkagensarar. Helst fleire. Det er fjellet – du angrar aldri på eit ekstra lag.

Og kva får ligge att heime?
Store høgtalarar med mykje lyd. Naturen og festivalen står for lyden.

Kva artist eller programpost gler du deg mest til på Vinjerock 2026?
Her må eg seie Staut. Men eg gler meg òg inderleg til at me skal prøve å setje verdsrekord i hallingdans – det blir eit ekstra kick i jubileumsfeiringa.

Facebook, Instagram eller TikTok?
Eg burde vel seie alle, sidan eg jobbar med å få ut informasjon på alle plattformer. Men Instagram er nok favoritten min.

Om ikkje lenge sjåast me alle til festival! Kos dykk i påskefjellet så lenge!

Fjellfrisk helsing frå
Ingebjørg i Vinjerock

Til fjells i påska? 

Vår samarbeidspartnar JVB køyrer beltebil inn til Eidsbugarden i påska! Book turen din her.

På både Fondsbu og Tyinholmen har dei opent med trivelege vertskap!