Vinjerock sin nye festivalsjef og daglege leiar er på plass. Bookingsjef Guro Furunes Pettersen tek steget opp, og skal lose Vinjerock mot 2023.

Sist oppdatert 27. juli 2022

Vinjerock 2022 er vel gjennomført. No byrjar staben bak festivalen å stake ut kursen mot 2023, og frå september av blir det med ny festivalsjef ved roret. 

Etter å ha losa Vinjerock trygt gjennom tre år, takkar Sigrid Skjerdal for seg, og vender nasen mot Sogndal. Den nye festivalsjefen blir Guro Furunes Pettersen, og er rekruttert frå Vinjerock sin eigen stab. 

- Me i styret er utruleg glade for å ha ny festivalsjef for Vinjerock på plass. Med mykje kompetente søkjarar er me ekstremt stolte av å finne riktig person i eigne rekker. Det å drive festival 1060 meter over havet krev ein tydeleg, sulten og kompetent leiar - dette får me med Guro. Ho ser moglegheiter, har begge beina godt planta i fjellskoa og drøymer om å endre verda. Ho har ein djup kjennskap til festivalen, eit brennande engasjement og visjoner for vegen vidare og for å oppretthalde merkevaren og vidareutvikle Norges flottaste fjellfestival, seier styreleiar Lars Tefre Baade. 

Lang fartstid i kulturfeltet

Den påtroppande festivalsjefen starta i festivalen som frivillig i 2014 og har innehatt fleire funksjonar gjennom åra, i 2020 blei ho og tilsett som bookingsjef. Hennar bakgrunn kjem hovudsakeleg frå arrangørfeltet, kor ho mellom anna har jobba for mellom anna Norske Kulturarrangørar, Oslo World, Trondheim Calling, Kulturrom og Olavsfest. 

- Sigrid har vore ein trygg bauta gjennom nokre annleisår og ein kollega eg personleg kjem til å sakne. Men det er og stor stas å ta over leiinga av festivalen som står mitt hjarte nærast saman med ein stab og frivillige som eg er frykteleg stolt over å få lov til å leie i arbeidet vidare med Vinjerock. Det me skapar saman oppe på Eidbugarden skal røre ved og endre liv - det har det absolutt gjort med mitt, og det er ein utruleg ting, seier påtroppande festvalsjef Guro Furunes Pettersen. 

Furunes Pettersen pakkar no flyttelasset i Oslo og flyttar til fjellbygda Vang kor ho vil halde til i kontorfellesskapet 1724 saman med resten av administrasjonen. Ho overtek som festivalsjef i byrjinga av september. 

- Eg ser utruleg mykje fram mot å flytte til Vang, ei bygd eg har vore så heldig å få budd i nokre månader i vinter. Mi oppleving er at det er ein spanande stad kor mykje skjer, tek i deg imot med opne armar og gjev deg fjellet rett utanfor husdøra, alt ein kan ønskje seg eigentleg.

Overleverer festivalsjef-capsen

Avtroppande festivalsjef seier seg strålande nøgd med arvtakaren i rolla. 

Rollen som festivalsjef og dagleg leiar tok uventa vendingar med pandemi og to avlyste festivalar. Etter tre år i leiarstolen vart Vinjerock 2022 den fyrste festivalen ho fekk gjennomført oppe på Eidsbugarden – og for ein festival det var. No gjev ho stafettpinnen vidare. 

- Guro er utruleg dyktig og klok, og har eit breidt erfaringsgrunnlag frå kulturfeltet. Det er utrulig kjekt å kunne overlevere rolla til ein god kollega, og eg veit at Vinjerock sine verdiar og dei flinke folka våre er i utruleg gode hender framover! Eg gler meg til å kome opp og sjå kva denne fantastiske gjengen får til vidare, seier avtroppande festivalsjef Sigrid Skjerdal. 

Foto: Joakim Mangen