Det byrjer å bli ein tradisjon, at me feirar Pride under Vinjerock. Programmet for årets Vinjepride er klar, og alt tyder på at fredagen skal skine i regnboga sine farger.
PROGRAM for VINJEPRIDE
11:00 Glitterpatrulje på møteplassen
Vinjerock si eiga glitterpatrulje står klar til å ta deg imot med glitter, regnboge i kinna og god stemning. Her kan du få eit flagg i handa, litt farge i andletet, eller berre lande i fellesskapet før me går.
Kom med vener, kom åleine, kom skeiv, kom alliert, kom nysgjerrig, kom stolt, kom sjenert.
Kom akkurat som du er — her er det plass til deg.
11.30 – Regnbogetoget til Reinen.
Me går samla opp til Reinen med flagg, fargar og regnboge i kinna. Dette er ikkje eit tog for dei få. Dette er eit tog for alle som meiner at kjærleik, fridom og fellesskap også høyrer heime til fjells.
12.00 – Velkomst ved Åse Vilje Fossland – ansvarleg for VinjePride-markeringa.
Åse Vilje har sett saman årets VinjePride-program og leier markeringa ved Reinen med varme, nærvær og ekte fjellpride-stemning.
12.05 – Tale ved Ingebjørg Blomlie Müller, festivalsjef for Vinjerock
Ingebjørg ønskjer velkomen og seier nokre ord om kvifor Pride også høyrer heime på Vinjerock, i fjellet,og i fellesskapet vårt.
12.10 – Slampoesi av Tara SLAMpoet.
Tara SLAMpoet, brukar ord, rytme, og intensitet til å vekke både kjensler og engasjement.
Med bakgrunn som utøvande kunstnar og sjukepleiar tek ho ordet med slampoesi, styrke og
nerve med tekstar som rører, utfordrar og opnar rom.
12.20 – Tale ved Vilje Juvskås.
Vilje Juvskås har vore ei sterk drivkraft for Bygdepride i Vest-Telemark, og har løfta fram
skeiv synlegheit, mot, og fellesskap i fleire bygder. No tek ho ordet på VinjePride — med både kraft, erfaring og regnboge i ryggen.
12.25 – Song: “Den lesbiske dalen” av Sliteneliten.
Sliteneliten syng fram draumen om ein skeiv fristad — ein stad der ein kan vere seg sjølv, fri og trygg saman med andre. Med “Den lesbiske dalen” løftar me fram fellesskap, tilhøyrsle og skeiv fridom.
12.35 – Felles regnbogebilete ved Reinen.
Me samlar alle fargane våre og tek årets VinjePride-bilete ved Reinen!
12.45 – Retur til festivalområdet.
Me går samla tilbake til festivalområdet med flagg, fargar og Pride-stemning.
13.00–14.00– Skakkbar.
Etter markeringa samlast me til Skakkbar — der festivaldagen får litt ekstra glitter, skeiv glede og regnboge i kantane. Her blir det musikk, mingling, god stemning og låg terskel for å slå av ein prat. Kom med flagg, kom med glitter, kom med vener — eller kom akkurat som du er.
Velkomen til fjellets trivelegaste tog!
Og du, om du er open for å finne kjærleiken kan du starte dagen allereie kl 10.00 ved å melde deg på Skeiv singeltur med DNT!