Kaisa Markhus kjem for å gje oss eit unikt innblikk og ei strek og viktig historie om jenteklatring i Afghanistan. Ho drog opprinneleg til landet for å lære unge kvinner i eit mannsdominert samfunn å klarte, oppleve meistring og finne felleskap. Alt var snudd på hovudet 15. august 2021 då Taliban tok Kabul og hennar viktigaste oppgåve skifte raskt frå å vere klatreinstruktør til å slette spor, brenne dokument og ikkje minst redde liv. For korleis får ein jentene ut av Afghanistan medan ein sjølv må flykte?
Vinjerockfavorittane Real Ones finn du ôg i sofaen på Parkscena i samtale med tidlegare festivalsjef i Vinjerock, Julie Forchammer. Me skal feire at bandet fyller 30 år i 2024 med ein jovial prat med eit av dei beste norske livebanda. Deira kjærleik for natur, klode og menneskeslekta sitt vel og ve har alltid vore godt avspegla i musikken deira, og da kan det ikkje bli betre enn at dei får eit gjensyn med Forchammer som gjorde det fyrste intervjuet deira på Studentradioen i Bergen for omkring 30 år sidan.
Me skal og få ta turen inn i eit hemmeleg univers. Forfattar Marius Nergård Pettersen har i åresvis reist landet rundt på jakt etter gøymde ting i norsk natur. Hovudsakleg ette små, hemmelege hytter. Til Vinjerock kjem han for å ta oss med inn i dei gøymde sidene ved friluftslivet. Til stader som offisielt sett ikkje finst, med folk som finn nokre av livets finaste augneblink der ingen andre går. Me gler oss!