Ei vandring i lyngen på Eidsbugarden tredje helga i juli er ei oppleving ulikt noko anna. Du ser det allereie frå du kjem over haugen frå Tyinvatnet og tittar ned mot gryta som utgjer den veistre breidda av Bygdin; små drops i alle verdas fargar, eit dryss av telt og lavvoar som rommar dei 3250 glade Vinjerockarane som er klare for si helg med musikk og menneskemøte 1060 m.o.h.
Som vanleg var det utruleg kjekt å sjå alle dei gode idéane, den rause haldninga og dei blide andleta til alle Vinjerockar, og å velje ut ein camp som vinnar av denne prisen er alltid ei takknemleg oppgåve med mange gode valmoglegheiter!
Når juryen går rundt laurdag for å finne årets camp ser me etter den campen som skapar rom og glede for dei rundt seg, vere seg om campen er liten eller stor. Årets camp utmerka seg som ein inkluderande, humørspreiande og raus gjeng som vart lagt merkje til gjennom helga med sitt pågangsmot og alltid inviterande haldning! Dei hadde sjølvsagt kontroll på kjeldesorteringa si, og dekorerte campen med sjølvlaga bannerar og breide smil i andletet.
Me gratulerer så mykje til vinnaren av Årets Camp 2025: Samba Lamba!
De vinn 4 stk festivalpass, og moglegheita til å kjøpe 2 stk festivalpass, til Vinjerock 2026.
Ta kontakt med oss på post@vinjerock.no så me kan få sendt dykk billettane!
Foto: Halvor Kverneland