På festival blir det bos, men ein vinjerockar sorterar som ein helt og her finn du all info om korleis boset 1060 meter over havet skal handterast. 

Sist oppdatert 17. juli 2024

Inne på festivalområdet

På festivalområdet finn du miljøstasjonar ståande lett tilgjengeleg rundt omkring og alt ein får servert mat og drikke i kastas samme stad - nemleg komposten. Det gjeld ølglasset, pappkruset, bestikket, wrappapiret..ALT! Lommerusk og øreproppar har du i lomma til du ser ein restavfallsdunk. Sneip og snus skal ikkje på bakken, du finn bøtter for desse omkring på området.

Komposteringa er det Sirkla som tek seg av, plutseleg er grønsakene du et neste år laga av det du kastar i boset i år. 

Ute i campen

Ute i campen har me ei enkel og effektiv løysning vinjerockarens bos. På bussane delar inn til festivalområdet delar me ut posar til boset ditt, går du tom kan du hente fleire i infoteltet ved inngangen til festivalområdet. Du får tre posar til dei tre fraksjonane me sorterar i: 

  • Grønn pose = matavfall
  • Raud pose = pant
  • Kvit pose = restavfall

Når bosposane er fulle tek du dei med til miljøstasjonane som er plassert ved vegen og kastar dei der. Har du batteri, tom gassbrennar eller lignande finn du og ei blå bøtte der kor dette kastas. 

Hugs på: 

  • Det er ikkje lov til å ha med glasflasker i campen, hell heller innholdet over på en plastflaske. Me vil jo ikkje ha glasskår i fjellheimen
  • Ikkje kast snusposar/sneipar og åpneren på øl-/ciderbokser i naturen
    • «Dratapp, også kalla åpnar, boksring, knekkjekk, metallhempe eller tab, er åpningsmekanismen på ein drikkeboks normalt av aluminium»
  • Ein vinjerockar ferdast sporlaust i naturen