Årets festival tjuvstarta med førfest onsdag, der Wold Wiggen og Kaja Gunnufsen spreidde herleg visesong ut til dei som kom litt tidleg til Eidsbugarden.
Og sidan har dagane gått slag i slag. Frå Sliteneliten opna ballet med bondepønk til Dovlous X Bøllefrø sette dei siste Vinjerockarane i dansefeber laurdag kveld har me fått magiske augneblink servert frå alle himmelretningar.
Etter Sliteneliten sitt ærlege og herlege sett, fekk Stein Torleif Bjella skine med glimt i auge og fruktkorg til publikum. Diddi Velle sende publikum ut i spontan linedans og Valkyrien Allstars sin mix av folkemusikk og pop gav Vinjerockarane fleire augeopnarar. Andreas Rotevatn jazza opp fjellheimen til stor jubel, før Synne Vo sjarmerte eit fullsett Store-Vinje som sang "her vil eg ver" i kor! Kvelden vart avslutta med fest då Lindstrøm og FAFO sette fyr på fjellheimen, saman med ekstra staseleg lyssetting av festivalområdet for høvet!
På fredag bydde fjellet på regn, men artistane baud over! Fyrst trollbatt Sanyu dykk, før Oddny fekk dykk til å dra på smilebandet. Så smalt det når Smag Paa Dig Selv dro i gang saxofonduell i publikum. The Good The Bad and The Zugly rocka som aldri før, og Fauna gav oss livlige tonar før Staut fekk alle til å synge i kor og ta i bruk kunnskapen frå swingkurset. Då NARA sette i gang etterstevet var det i spesialbygd scene midt på plassen, og publikum var ende over!
Festivalen vart avslutta med laurdagen over alle laurdagar. ELIA sette ei kraftfull stemning før BigBang dro oss alle opp på fjellet med ein smell! Gabba sine nydelege tonar ljoma over oss og Sa_G laga eit show utan sidestykke! De dansa med ekte glede til BIJI og Marstein fekk dykk til å vere heilt med til det siste! Då Funk For Forest sette igang etterstevet holdt dansefoten fram heilt til siste låt på DJsettet til Dovlous x Bøllefrø.
Men Vinjerock 2026 var ikkje berre musikk, de har forsert breen til Uranostind og fylt stranda ved Bygdin under revyen med Dragsug. De fekk soga om Vinjerock i hurtigversjon og morgonbada med kaffe og DNTung! De har smaka, sanka, utforska, vandra, padla og sett framande folk i augene. Høyrt om liv utanfor det vanlege og korleis friluftsliv og klimakamp heng saman.
Takk til alle Vinjerockarane og augneblinka de skapar, me er over oss av kjærleik! Velkomen attende neste år - 22.-25. juli 2027, då skal me atter ein gong kome her upp og kjenne eit annat liv!
Foto: John Arvid Johnsen/Vinjerock - Daniela Reyes, utanfor Vinjebue