For å feire at me vert 20 år, inviterar me rett og slett på førfest!
Om du kjem til Eidsbugarden onsdagen kan du allereie frå kl. 16 hente ut festivalarmbandet ditt, og gjere deg klar for at dørane opnar kl 19.
Me satsar på ein triveleg start på jubileumsåret og gler oss til å sjå Vinjerockarane om få dagar!
Program onsdag:
19:00 - Dørane opnar
20:00 - Konsert: Wold Wiggen
21:00 - Konsert: Kaja Gunnufsen
23:15 - Området stengjer, takk for i kveld
Og du? Denne kvelden kan du gjerne ta med deg campingstol, me set også fram bord og benkar, og det vert enkel matservering.
- kom her up og kjenn eit annat liv!
Foto: Mina Bjørneby