I episoden får me eit innblikk i korleis livet er på eit lite småbruk ved foten av Jotunheimen frå Fay Wildhagen som også vitjar oss lørdagen under årets festival! Kva er så spesielt med akkurat Jotunheimen, og kva er eigentleg det ultimate fjelltur-antrekket?
Bli med på VinjeFM sin diktkonkurranse og vinn billett til Vinjerock
Sitt du med ein liten diktar i magen som vil ut? Då er dette konkurransen for deg! Diktet kan vere kort eller langt, artig eller sinna, kanskje romantisk? Kanskje blir det episk, lyrisk, prosa eller eit haiku? Me veit ikkje - men er uansett klare for å kaste oss ut i ei verd full av dikt.
Du kan vinne feite premiar og festivalpass til Vinjerock 2025. Lågterskel som berre det, heilt enkelt sender du eit dikt til vinjefm@vinjerock.no