No blir ein av dei mest spanande stillingane i festival-Noreg ledig! Er du vår nye bookingsjef?  

Sist oppdatert 05. september 2024
Vinjerock er ein musikk- og friluftsfestival på Eidsbugarden i Jotunheimen. Festivalen har vore arrangert sidan 2006, og har vore utseld kvart år sidan 2009. Musikken er grunnmuren i festivalen, men turar, aktivitetar og lokalmatopplevingar er også viktige brikker i totalopplevinga Vinjerock.

Vinjerock vart i fjor kåra til årets beste festival av Norske kulturarrangører. Det er ein god bekreftelse, men ikkje ei kvilepute og den beste festivalen ligg alltid foran oss.

Vinjerock er på leit etter bookingsjef

Bookingsjefen jobbar saman med ein stab på rundt 37 gruppeleiarar som jobbar heile året med å førebu Vinjerock. I løpet av året har staben fire faglege og sosiale samlingar. Som ein del av staben får du vere med å forme korleis Vinjerock skal vere i framtida.

Arbeidsoppgåver

Som bookingsjef utformar du det musikalske programmet til Vinjerock, samt dei andre arrangementa Vinjerock er engasjert i gjennom året.  Du inngår kontraktar, gjer avtalar og utformar køyreplan i samråd med anna nøkkelpersonell. Saman med deg har du ei bookinggruppe beståande av andre engasjerte stabsmedlemmer. Som bookingsjef har du eit særskild ansvar for at den musikalske profilen til Vinjerock gjenspeglar verdiane til organisasjonen.

Kven er du?

Du er sosial og glad i å skape gode opplevingar for andre. Du er god til å samarbeide og kommunisere, og har lyst til å vere med å skape Vinjerock saman med resten av staben i fleire år framover. 

  • Du er over gjennomsnittet interessert i musikk 
  • Du har god kjennskap til musikk-Norge
  • Du har gjerne erfaring med booking
  • Du er ryddig og er god til å organisere
  • Du evnar å sette gode publikumsopplevingar foran egne musikalske preferansar og nettverk
  • Du ønsker å videreutvikle Vinjerock sin musikkprofil, og gi publikum nye og annleise musikkopplevingar 

Kva tilbyr Vinjerock? 

  • 30 prosent fast stilling i ein av Norges beste festivalar
  • Spanande stilling i ein etablert og suksessrik festival
  • Mulighet til å vere ein del av Vinjerock sin heilårsstab som utviklar festivalen inn i framtida 
  • Tilgong på kontorplass med utsikt i Vang i Valdres
  • Løn etter avtale. 

Vinjerock har fem verdiområde med særleg fokus:

  1. Kultur- og naturglede
  2. Nynorsk
  3. Lokalt rotfeste
  4. Openheit
  5. Berekraft og inkludering

Søknadsfrist 01.10.2024

CV  og søknad sendast per e-post til dagleg leiar Ingebjørg Blomlie Müller, ingebjorg@vinjerock.no.

Har du spørsmål om stillinga? Ta kontakt med festivalsjef på Vinjerock, Ingebjørg Blomlie Müller på ingebjorg@vinjerock.no, 97530604 eller noverande bookingsjef Guro Furunes Pettersen på guro.furunes@vinjerock.no, 91751135.   

Vinjerock ynskjer å gjenspegle mangfaldet i samfunnet, og oppmodar alle til å søkje, uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.