Kjære Vinjerockarar, kva hadde vel Vinjerock vore utan dykk? 

Sist oppdatert 21. juli 2024

Sundagen er her, kroppen er litt mer sleten enn den var på torsdag - men hjartet fullare enn nokon gong. Me har dansa i lyngen, speida utover nokon av dei flottaste toppane i Jotunheimen, kanskje fått eit godt auge til nokon (?), fråtsa i lokalmat, blitt inspirert av kloke hovud som har delt sine historiar frå scena, fått vener for livet og hatt makelause musikkopplevingar i eit av Noregs mest spektakulære omgjevnader. 

Frå AySay (DK) entra scena torsdag til Matjø avslutta heile kalaset laurdagskvelden, har me hatt musikkopplevingar me berre kunne drøymt om. For å nemne nokon, Stuzzi (SE) fekk dei danseglade Vinjerockarane i ekstase, brenn. satte verkeleg fyr på heile fjellheimen, Randi Oline gjorde Vinjepride til ei oppleving me alltid vil bere med oss, Staut synte fram at folkrock frå Valdres likar alle, Kvelertak gav oss rock med stor R, 9 grader nord (husbandet som me kaller dei) leverte tidenes konsert og Fay Wildhagen då. Du gav oss hjartet ditt og me gav deg vårt, kva anna kan me sei. 

Det vart ein festival kor solkremen måtte festast i karabinkroken i hanken på shortsen, for ja - sjølv om vêrmeldingane såg dystre ut før dykk entra fjellheimen fekk me nok ein gong erfare at fjellheimen er uforutsigbar. For sola skein på alle dei (solkyssa)kroppane på Eidsbugarden i tre dagar til ende. 

Me veit nesten ikkje kor me skal byrje å takke, for det er så mange som fortener ein klem og gode ord. 

Tusen takk til alle dykk som tek turen til oss for fyrste og tiande gong, den måten dykk møter kvarandre her i fjellheimen er heilt unik. Dykk omfavnar og inkluderar alle, skapar ei heilt fantastisk god stemning ein ikkje finn nokon annan stad og me er sikre på at dykk har dei største glisa ein kan finne. 

Til samarbeidspartanar og støttespelarar i Valdres og utombygdes, takk for at dykk trur på det me gjer her uppe. For at dykk vil vere med på den ville reisa Vinjerock er. Me er utruleg takksame for å ha dykk med på laget. 

Til naboar her på Eidsbugarden, takk for at dykk tek i mot oss med opne armar kvar sumar. Me kjenner oss varmt velkomen når me kjem ned mot Bygdin for å vitje dykk nokre veker av året. 

Til våre frivillige, også kalt vårt hjarte og sjel, ein inderleg stor takk. Me er mållause over innsatsen, kjærleiken og omsorgen dykk legg ned i Vinjerock. Dykk er sjøldrevne, rivande dyktige og dei kjekkaste folka me veit om. Takk for at me får bli kjent med dykk, kalle dykk vener og treffe dykk att sumar etter sumar. Ein varm og stor klem går til dykk alle. 

Til Valdrisar og vårt lokalsamfunn, takk for at dykk heiar på oss og at hjelp alltid finst berre ein telefon unna. Me håpar at dykk alle kjenner dykk stolte og har eigarskap i Vinjerock. 

Til slutt vil me takke Vinjestaben, vår frivillige stab på omkring 40 personar som jobbar heile året for at denne festivalen skal skje. Det finst ikkje ord som er dekkande for kva dykk betyr for Vinjerock. Dykk er alt, absolutt alt.

Fellesskapet vårt her uppe er det kjæraste me har. Takk for at dykk alle vil ta del i og ynskje andre velkomen i det.

God tur heim, me sjåast neste år Vinjerockarar! <3 Kom her upp og kjenn eit annat liv 17.-20. juli 2025!