Etter ein braksuksess av ein jolekonsert i fjor, er det ei glede å kunne invitere Moddi attende til Vang kyrkje laurdag 7. desember.
For mange er Pål Moddi Knutsen sjølve lyden av jol, etter at den unge senjaværingen blei handplukka av kronprins Haakon til å syngje “Nordnorsk julesalme” under Slottets jolekonsert i 2011. Sidan den gong har stemma hans blitt allemannseige og i fjor gav han ut eit vassekte jolealbum.
Velkomen til ein stemningsfull førjolsstund!
Dørene opnar 18:30
Konsertstart: 19:00
Billettpris: 350,-