Sidan byrjinga har DNT ung og Vinjerock delt ut gnagsårprisen til den eller dei som vitjar flest DNT-hytter på tur til Eidsbugarden og Vinjerock. Frå 2022 fekk du eit lodd for kvar DNT hytte du overnattar på i juni og juli og ein er med i trekninga av Vinjerock-billettar, sko frå Alfa og andre fine premiar.  

Sist oppdatert 17. februar 2023

Me tok oss ein liten prat med ein av vinnarane av årets pris Nicolai for å høyre korleis turen gjekk. Dei starta på Gjende, der dei tok båten til Gjendebu. Frå Gjendebu gjekk dei til Olavsbu og frå Olavsbu til Eidsbugarden og Vinjerock. 

Nicolai hadde inga plan om å vera publikum på Vinjerock dette året, men greip kjapt moglegheita då den dukka opp. Sambuaren skulle på Vinjerock med veninnegjengen og fekk veta i ettertid at han i samband med deltakelsen hadde takka ja til ein to dagars fjelltur med sju damer. Han fortell: 

- Det gikk veldig bra og jeg fikk raskt tittelen som æresmedlem av "bestejentene". 

Hytteopplevinga med størst verdi var besøket på Olavsbu etter ein dag i regnvêr, det var godt og kome inn i varmen på DNT hytta. Varme anbefalingar til årets Vinjerockarar om og ta same rute til årets Vinjerock og få med seg den flotte utsikta over Gjende. 

Vinnarane av årets Gnagsårpris: 

  • Nicolai Hoel 
  • Robin Simonsen

Har du planlagt korleis du kjem deg til Vinjerock 2023, eller berre ei lita ferie i fjellheimen før Vinjerock? Dra med deg vennegjengen, ein kjenning eller nokon som skal på Vinjerock denne sommaren. Planlegg ruta, pakk sekken og ta på deg fjellsko og kanskje du vinn Gnagsårprisen 2023 og stikk av med festivalpass til Vinjerock 2024!