Sist oppdatert 10. juni 2025

Sløtface Karaoke

Kjennar du det kriblar litt etter å stå på scena på Vinjerock – ikkje berre i publikum? No har du sjansen! Vokalisten kliv ned frå scena, og du tek steget opp.

Kva er Sløtface-karaoke, spør du?
Enkelt og greitt: eit stjernelag frå Sløtface er live backingband, og du syng ein coverlåt saman med dei. Me snakkar ikoniske rock-, pop- og indie-hits frå Nirvana, Blink 182, Avril Lavigne, The Strokes – og eit solid knippe med karaoke-guilty pleasures. Du kan synge åleine, saman med venegjengen din, eller berre gaule med frå publikum. Alle stemmer er velkomne på Sløtface-karaoke – og me kan lova ei festkveld av dei sjeldne!

For å vite kva låtar me må ha med, treng me litt hjelp frå deg som skal vere med. Følg lenka og sei frå om kva låt du har lyst å synge – viss du alt no kjenner at du vil forplikte deg – eller stem fram den låta du berre må høyre nokon andre ta. Me speler dei låtane flest vil høyre – som dei selloutsa me er.

På sjølve karaokekvelden ropar me opp låt for låt – så kjem det folk frå publikum opp og syng med bandet. Me stiller med teksten. Nokon har meldt seg på på førehand, andre hiv seg på i augneblinken.

Me sjåast til karaokefest!

Meld deg på - Stem på låt - Ønsk deg låt her:
https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSezwVoZ0keg4hhVL-dQ7HaNDmxukyf677rnNPDKMxqk1ryBZg/viewform?usp=header

 

Nils Bech 

Kva er det Nils Bech ikkje har gjort? Frå det kongelege gullbryllaupet i Oslo domkyrkje, Veneziabiennalen, duettar med Bjørn Eidsvåg og Dutty Dior, «O helga natt» i Skam, samarbeid med Nasjonalballetten, bestillingsverk og prisnominasjonar herifrå og til taket – alt levert med eit kompromisslaust uttrykk. Nemninga «nasjonalskatt» høyrer han til like naturleg som Brudeferd i Hardanger, og denne sumaren er vi så heldige at han tek med seg sitt uimotståelege kunstnarskap til Vinjerock!

Artisten Nils Bech er kjend for sin bemerkelsesverdige stemme og for sine kritikerroste framsyninger i full kunstnarisk utfalding. Han er ein artist i særklasse – ei stjerne som skin like sterkt i ein sveitt klubb som på teater- og festivalscener, både i og utanfor Noreg. Bech har gjort det til sitt varemerke å komplettere det unike musikalske uttrykket sitt med sterke visuelle verkemiddel. Han har evna til å kombinere høg- og lågkultur, børs og katedral, samtidsmusikk og slagere – på ein måte ingen andre norske artistar får til. Alltid overraskande, alltid inderleg, og alltid med Bechs særeigne formidling og kunstnariske ambisjon i sentrum. Hald fast i dei du står ved sida av – for Nils Bech framkallar gjerne latterkrampar, tårevåte augekrokar og uendeleg mykje hengivenheit, kvar einaste gong han dukkar opp!

 

Maya Vik 

Ein bassist i særklasse – kanskje Norges fremste tolkar av 80-tals boogie og funk, moteikon og ein av dei få som kan skryte av å ha varma opp for både Lenny Kravitz og Dâm-Funk. Maya Vik kjem til Vinjerock med glitter og bassriff du seint vil gløyme. Med sin særeigne blanding av funk, pop og elektroniske element, inspirert av legendar som Prince og Janet Jackson, er det ikkje rart ho har blitt omtala i New York Times, Complex og Vice.

Saman med sin eminente trio tek ho med seg det ferske albumet Hustlebot til fjells – ei plate stappfull av smittsam funk, ustoppelig musikalitet og ein produksjon som er klar til å gjere Jotunheimen om til eit elektrisk dansegolv sjølv New York kan misunne!

 

Safari (DJ-sett)

Kven passar vel betre til å avslutte Vinjerock 2025 enn ein DJ som òg er ambassadør for Friluftsåret 2025? Safari Shabani har dei siste åra stadig dukka opp i villmarka – anten gjennom sin eigen serie Safari på Safari eller som deltakar i 71° nord. Men i tillegg til å vere friluftsentusiast, er Safari sjølvsagt òg ein ekte renessansemann: Han har drive vintagebutikk, og er både dansar, musikkprodusent og ein suveren DJ med smittsom dansefot.

Inspirert av DJ-superheltar som Kaytranada, Fred again.. og Black Coffee, lovar Safari eit lystbetont sett fullt av alt frå brasiliansk jazz og afrohouse til funk, disco og remiksar av kjende og kjære låtar. Superkrafta hans ligg i evna til å foreine lydar, sjangrar og låtar frå vidt forskjellige delar av verda til ei sømlaus eining. Anten det er elektronisk eller sjelfullt, med afrikansk arv eller moderne pop – Safari garanterer ein perfekt avslutning på Vinjerock 2025.

 

Sanyu

Det er ei sann glede for oss å kunne invitere til ein heilt spesiell intimkonsert denne sumaren. Vokalist og tekstforfattar Sanyu kjem til fjells for å gjere ein unik akustisk konsert i Vinjebue. Sanyu er like heime på Øya som på ulike jazzfestivalar, og har vore å sjå både i Noreg, Tyskland og Danmark dei siste åra.

Med bakgrunn innan old school R&B og improvisasjon er liveopptredane hennar prega av sjel, varm harmoni og grove grooves. Musikken til Sanyu rommar bestemt og utforskande soul, ispedd taktil spoken word og hamrande jazz – alt sentrert rundt hennar framifrå lyrikk. I fjor kom debut-EP-en hennar “Now You Hear It”, og i mars vart ho tildelt Tekstforfattarfondets “Lystpunktpris” for sitt lyriske arbeid. Med seg til Vinjebue har ho sin faste partner in crime, multiinstrumentalist Kristina Fransson. Vinjerockarar – gjer dykk klare til å oppleve det Bergens Tidende omtala som den “desidert største opplevinga” under Vill Vill Vest 2023.

 

Ka2

KVEN FAEN ER KA2?

Bli kjent med heile Noregs tjommi på Vinjerock 2025. Ka2 vart til våren 2018 då den bergenske duoen, beståande av Sondre Alvestad og Didrik Thulin, ville laga musikk for venene sine. På kort tid har venegjengen til Ka2 blitt mykje større.

Med hyppige låtslepp har dei to svevande gutane gjort seg bemerka i det langstrakte landet. Kjende for sine ekstravagante, fargerike show med psykedeliske element, har Ka2 – med si heilt eigne blanding av svevande pop og hard elektronisk musikk – treft ein musikalsk nerve både i Noreg og ute i verda.

Dei har på kort tid bygd opp ein solid fanbase med over 50 millionar strøymingar, samarbeidd med både Gabrielle og Kjartan Lauritzen, og turnert landet rundt for fulle hus – fleire gonger. Det er ingen tvil: Ka2 er komne for å bli. Det er berre å gle seg til å bli med på dette evige eventyret i sommar!