Dei fem fyrste artistane er klare for Vinjerock 2025. Det vert fest og rap, skikkelig livepunk, vakre tonar, tankefulle tekstar og majestetisk indisk og tamilsk musikk på Eidsbugarden i sumar! 

Velkomen til fjells Kjartan Lauritzen, Anna Lille, Honningbarna, Mira Thiruchelvam &Vestnorsk Jazzensemble og Randi Oline! 

Sist oppdatert 04. desember 2024

KJARTAN LAURITZEN

Kjartan Lauritzen inntek Eidsbugarden neste sumar! I 2025 har Kjartan mykje å feire. Han blir 30 år gamal, har vore Kjartan Lauritzen i 10 år og skal bli far! Heilt utan noko majorlabel i ryggen bygde han seg heile vegen frå Balestrand og opp til å bli Noregs nye rap-superhelt med tidlause låtar som Havanna, Fredag og Nyte D. På vegen har han vore profet for Kjartanismen til kritikarane og fansen si store begeistring før han abdiserte og gjekk vidare med singlar som Gira, Shakira, Skaol Skadle og sommarhiten Badebussen.

Kjartan er kjend for å by på seg sjølv, og skapar ein unik kontakt med publikum. For dette har P3 Gull nominert han to gonger til "Årets Live-artist". Kom til Vinjerock, og du vil føle ei varm kjensle stryke deg forsiktig på sjela, og ei stemme vil kviskre deg ømt i øyret; “dette var ikkje eit dumt val, min gode ven”. Som me brukar seie, kom her up og kjenn eit annat liv, denne gongen med Kjartan Lauritzen i spissen. 

Foto: Rainer Nakken Kleive 

 

HONNINGBARNA

Jotunheimen skal riste når Honningbarna kjem til Vinjerock 2025. Gjer dykk klare for ein hemningslaus konsert med eit av Noregs mest segnomspunne liveband! Deira siste album, Animorphs frå 2022 vart omtala som eit “meisterverk” (NRK) og “ei av dei beste pønk-platene i Noreg nokonsinne” (Klassekampen). På den påfølgjande turneen vart dei krona til “kongane av Noreg” av Gaffa. No er dei svoltne på meir!

Honningbarna bryggjar for tida på deira etterlengta sjuande album. Så langt har dei gitt oss singela “Rød bic” og “Heute ist mein tag”, som begge har fått unison meldarhyllest. Gutane har halde eit forrykanende tempo sidan dei brøyta seg opp og fram som tenåringar, og dei blir stadig hyppigare omtalt som Noregs beste liveband! Sumaren 2025 er det Vinjerock sin tur til å skjøne kvifor!

Foto: Letizia Cigliutti

 

RANDI OLINE 

Me er så glade for at Randi Oline kjem attende til Jotunheimen! Ho har gjort reint bord sidan ho leidde Vinjepride og spelte oss i senk i Vinjebue i fjor. Nyleg spelte ho to intime konsertar på årets by:larm som sette seg i sjela på fleire av tilskodarane - og gjorde henne til vinnaren av Årets Stjerneskudd i regi av Norsk Tipping. På P3 Gull vart ho så nominert til Årets Gjennombrudd og Årets Låt i samarbeid med Beathoven. 

Då ho sleppte sin første låt “Er dette til å overleve” var det ingen veg attende. Ein særeigen vokal og ei låtskriving prega av poesi og dagbøker penneført sidan barndomen har gjort at Randi Oline skil seg ut i mengda. Mektige og nære tekstar med bodskap om både det indre og det ytre kjem til å ljome utover fjellheimen i 2025. Vinjerockararr, gled dykk!

 

ANNA LILLE 

Anna Lille har verkeleg stole hjarte aust og vest sidan ho sleppte den passande debutsingelen “Stealing the Scene”. Ho leverer relaterbare tekstar (sjølv når det handlar om ein katt som finn vegen inn i ein vaskemaskin), ein fantastisk, treffsikker vokal, og ei inderlegheit som får tårer fram i augnekroken til sjølv dei mest hardbarka i publikum.

20-åringen frå Nordfjordeid står på ein solid musikalsk grunnmur som treffer alle aldrar like godt. Det har ikkje mangla på verken listeplassar eller lovord om denne unge stjerna som er spådd å skine saman med dei verkeleg store norske namna om ikkje lenge. Anna Lille har allereie vorte godt moteken i utlandet for sin skinande unike vokal og sine slåande tekstar, og dette gjer oss ekstra glade for at ho kjem til fjellheimen neste sumar.

Foto: Leah Håland Solomons

 

MIRA THIRUCHELVAMM & VESTNORSK JAZZENSEMBLE - PANTONE 448C WITH CUMIN

Mira Thiruchelvam er ikkje eit ukjent namn for oss i Vinjerock. Ho har gjesta festivalen fleire gonger, sist med “husbandet” 9 grader nord i 2024. Ho er musikar, komponist, produsent og samarbeidspartnar for både Karpe og Gutu Abera.

I 2023 premierte ho eit nytt tingingsverk med Vestnorsk Jazzensemble titulert Pantone 448C with Cumin. Prosjektet er inspirert av klassisk sør-indisk eller karnatisk musikk, indisk filmmusikk og tamilsk folkemusikk. Tingingsverket gjer motstand mot fordommane ho har møtt som fløytespelar med ein ikkje-vestleg bakgrunn, der bidraget hennar til ulike musikalske prosjekt tidlegare har vorte sett på berre som “krydder” eller “fargelegging”. Omringa av eit handplukka stjernelag av musikarar makter ho gjennom Pantone 448C with Cumin å syne fram kompleksiteten og den melodiske styrken i musikken på majestetisk vis. Me gler oss enormt til å få oppleve dette musikalske mesterstykket på Vinjerock 2025! 

Foto: Synne Sofi