Ordinære billettar til Vinjerock 2027 kjem i sal 4. desember klokka 12:00! 

Sist oppdatert 18. november 2026

Endeleg er tida inne for å skaffe seg billett til sumarens høgdepunkt! Dei siste åra har billettane flyge ut frå Ticketmaster i ein durabeleg fart, så det er ingen grunn for å site på gjerdet!

Alt du lurar på om billettsalet finn du her!

Eigne DNT-billettar

DNT-medlemmar må logge inn på "Min side" på DNT sine sider, der finn du lenka til billettsalet og promokode du må nytte for å komme inn på billettsalet. Det er eit avgrensa tal sett av til DNT-medlem, så her gjeld også fyrstemann til mølla. 

Billettane til DNT-medlem kjem for sal 8. desember. 

Logg inn på dnt.no

Som medlem hjå DNT får du mellom anna medlemspris på DNT sine 580 hyttar, rabatt på turutstyr, medlemsbladet Fjell og Vidde, turar og kurs over heile landet og ein rekke gode medlemsrabattar.

DNT er Noregs største friluftslivsorganisasjon med over 300 000 medlemmar og starta allereie i 1868. Dei jobbar for å fremje eit enkelt, aktivt, allsidig og miljøvenleg friluftsliv og for å bevare natur- og kulturverdiar.

Hugs på

Me minnar om at av omsyn til tryggleik, naturvern og trivsel har vi nokre reglar for kva ein ikkje får ha med seg eller gjere i festivalcampen: 

  • Eingongsgrillar
  • Glasflasker
  • Høgtalarar som speler med eit lydnivå som nærmar seg konsertvolum, til dømes Soundbox
  • Bålbrenning - nytt heller fellesgrillen vi set opp ved stranda

Det er lov å nytte primus, men vis omsyn og syt for sikker handtering av utstyret.

Billettprisar 2027

Prisane er klare etter 19. november. I 2026 var prisane: 

Ordinær: 3335,- 

DNT-medlem: 3135,- + bill.avgift

Festivalpasset gjev inngang til festivalområdet oppe på Eidsbugarden, konsertar, samtalar og eit breidt aktivitetsprogram over tre dagar. I tillegg er shuttlebuss tur/retur (torsdag og sundag) frå parkeringa og inn til festivalområdet inkludert og ein avmerka festivalcamp med sanitæranlegg.