Me er så glade for å kunne fortelje at årets camp er kåra! 

Sist oppdatert 16. november 2026
Campen som i år nådde heilt til topps var Nabolaget! De får 4 festivalpass, så ta kontakt med oss på post@vinjerock.no så får me registrert dykk!
Nabolaget sytte for koseleg nabo-stemning i camp, og var hjelpsomme og inkluderande med sine naboar. Det heier me på! 

Gratulerer så mykje! 
Det er ikkje berre liv og røre som verdsettast i denne ærefulle kåringa. Her skal ein ha nase for system og kjeldesortering, ein skal vera inkluderande og skape god stemning og vere kreativ. Dette er med andre ord ein konkurranse alle kan delta i. Her krevst ingen kondis eller blod, sveitte og tårer - men svært mykje kompetanse på hygge.

Kva kriteriar legg me til grunn når me kårer Årets camp?:

  • De er miljøbevisste og sorterer alt avfall
  • Campen lagar god stemning (det er saa viktig å kosa seg)
  • Kreativitet
  • Mest mogleg kos, minst mogleg stæsj 
  • De har fokus på sporlaus ferdsel
  • De forlet eit ryddig campområde etter festivalen
  • De har omsyn for naturvern og trivsel og legg at soundboxen eller lignende høgtalarar som speler på nivå med konsertvolum heime. Ta heller med eit instrument - det trekk garantert opp. 
  • Ha ei løysing for rask som snusposar, sneipar og anna smårusk me ikkje vil ha i naturen.
Årets Camp kårast i samarbeid med vår partnar Norengros!
Foto: Anne Guro Røsæg