DJ Loveleen har ein kjærleik for kjenslevekkande melodiar og djupe rytmer. Gjennom å spele på følelser, intuisjon og kontrast inviterar ho deg inn i verda si, kor du får vere med på ei reise i eit leikent lydlandskap.
KARBON er ein høg intensiv live techno trio som kombinerar konsert og klubb på same tid. Med bass, trommer og synth i front leverar dei energien til eit liveband, men med den same flyten og drivande pulsen du får frå et DJ-sett."
Konserten er eit samarbeid mellom A-rådet på ungdomsskula (Arrangementsrådet) og Vinjerock.
– Vi synes det er stas å bidra til at ungdom kan møtast, og lære bort arrangørfagleg kunnskap, seier prosjektleiar Eskil Røe i Vinjerock.
Arrangementet er opent for for alle som går på ungdomsskule, eller vidaregåande til og med 17 år, og arrangørane oppmodar alle som er glade i musikk til å melde seg på, for ein kveld med god stemning.
Kontakt for A-rådet, Gunn- Audhild Tørstad, gler seg til konsert: - Det vert tredje gongen me skipar til konsert saman med Vinjerock, og no gler ungdomane seg til å invitere nye vener òg frå dei andre ungdomsskulane, heim på konsert i Vang!
Praktisk informasjon:
- Stad: Torsheim, Vang
- Dato: 27. mars
- Tid: kl. 19:30
- U18, rusfritt arrangement
- Påmelding via skjema, ta kontakt med eskil@vinjerock.no
- Artistar: DJ Loveleen og KARBON
Bilde: Vinjerock, frå opprigg sist ungdomskonsert