Vinjerock er snart ferdig, men me er no ikkje heilt ferdig enno. Her er nokre gode tips til deg når du skal vende snuten heim

Sist oppdatert 20. juli 2024

1. Forlat campen slik du fann den 

Campen skal forlatas ryddig og rein, ta med tinga dine heim. Nytt kildesorteringa vår til avfallet, posar for dette kan hentas i infoteltet. Sjølv om ein er litt sliten og trøytt, er me heilt avhengige av at festivalfolket bidreg til å halde Eidsbugarden rein, slik at også andre kan nyte fjellheimen resten av året. Alle veit jo at ein Vinjerockar er stolt over sporlaus ferdsel. 

2. Hugs å gje namnet ditt til fjellflørten

Fann du ein fjellflørt du gjerne vil snakke meir med. Hugs å del kontaktinfo så kan dykk halde dei gode kjenslene varme etter festivalen og. 

3. Korleis i alle dagar kjem eg meg heim?

Skal du ut til Tyin og Tyinkrysset for vidare transport? Då er skyttelbussen din ven, den går kontinuerleg heile dagen og fyrste buss går klokka 08:00 og siste klokka 16:30. NB! Stor fare for kø sundag føremiddag, ver tidleg ute om du kan. Og hugs, ver edru når du sett deg i bilen på veg heim!

Har du rigga deg så godt at du skal suse heile vegen heim med festivalekspressen? Sjekk billetten din om kva for tidspunkt bussen din går.

Vinjerock - Oslo 21. juli klokka 15:45

Vinjerock - Oslo 21. juli klokka 16:00 

Vinjerock - Oslo 21. juli klokka 16:30 

Vinjerock - Sandvika 21. juli klokka 16:30

Vinjerock - Bergen 21. juli klokka 15:00

Vinjerock - Trondheim 21. juli klokka 10:00

4. Men kor i alle dagar vart det av huva mi, kortet mitt, solbrillane mine, og dei favorittsokkane? 

Me er godt kjent med problemet, Vinjerockarar dansar heftig swing og då flyg fort huva av. Ta ein tur innom infoteltet og høyr om dei har fått inn noko. Om dei ikkje har fått det inn, send ein mail til post@vinjerock.no så skal me sjå kva me finn. NB! Heile Vinjerock må lade opp batteriet etter ein heidundrande festival og er på ferie i august, det kan ta noko tid før du får svar.

5. Dra på deg ditt vakraste smil 

Ikke berre blir me utruleg glade for å sjå dit vakre åsyn, men alle dei andre Vinjerockarane blir garantert også utruleg glad for det.