Vinjerock ligg langt til fjells, men Vinjerockarene får til det meste likevel!

Sist oppdatert 18. juli 2024

Vinjerock blir arrangert mellom fjella i Jotunheimen, i enden av ein lang grusveg, på vakre Eidsbugarden. For at det skal bli ein god festival og infrastrukturen skal fungere, er det viktig at festivaldeltakarane spelar på lag. Korleis kjem du hit?

Festivalekspressen

Reis ubekymra til Vinjerock! Den gode festivalopplevinga byrjar allereie på bussen, som hentar deg på din lokale busstasjon torsdag morgon. Derifrå sklir du elegant forbi alle køar på vegen mot målet, før du kan slenge sekken på ryggen og rusle bort til festivalcampen.

Festivalekspressen går frå Oslo bussterminal, Sandvika bussterminal, Bergen bussterminal og Trondheim busstasjon - utan bussbyte, heilt inn til Eidsbugarden. På sundagen kan du tinge billett anten du vil attende til utreisepunktet eller vil vidare til ein av dei andre byane! Hovudmålsetjinga er å gje vinjerockarane ei meir bekymringsfri ferd til og frå festivaleventyret, i tillegg til å redusere antal bilar på landevegen med kurs mot Jotunheimen i midten av juli.

Bussane stopper på vegen slik at du kan få handla med deg det du treng til fjells. Stoppet varar i 30-40 minutt så her er det lurt å ha handlelista klar. Bussane frå Oslo og Sandvika stoppar på Fagernes, frå Bergen i Voss og Trondheim på Dombås. Meld ifrå til bussverten når du kjem på bussen om du ynskjer å handle - om ikkje nokon vil køyrer me vidare mot fjell og moro! 

OBS! Du må ha ein billett for kvar veg, så hugs å ting retur og!

Ting billett til festivalekspressen

Reis kollektivt

Finn kollektivtransport frå der du er, til Tyinkrysset på entur.no og nor-way.no. Der bytter du til lokalbuss, eller vår skyttelbuss.

Samkøyring

Kvart år blir det opprettar me gruppa Vinjeskyss på Facebook for samkøyring til Vinjerock. Her kan dei som vil tilby skyss og dei som ønskjer skyss til Vinjerock komme i kontakt med kvarandre. Få nye vener og tenk på miljøet, ei perfekt opplading til festivalen!

Parkering på festivalparkeringa

Har du tenkt å køyre bil til festivalen lyt du parkere på festivalparkeringa og hoppe på skyttelbussen inn til sjølve festivalområdet på Eidsbugarden (2 mil frå parkeringa). Skyttelbussen er gratis på opningsdagen torsdag og sjølvsagt på heimreisedagen sundag. 

Festivalparkeringa opnar onsdag 17 juli, les meir om parkeringsavgifta i kolonna til høgre.

Parkeringsbilletten scanner du hjå parkeringsvertane våre når du kjem. For å kome til parkeringa følgjer du skilting frå Tyinkrysset i Vang i Valdres.

Det er ikkje mogleg for festivaldeltakarar å køyre inn til Eidsbugarden, og parkerer du langs veg, utanfor veg eller på private hyttetomter, blir du taua bort.

For el-bil er det ladestasjonar på Tyinkrysset fjellstue, heitt tips er å sjekke Recharge sin app at laderen fungerar som den skal slik at du ikkje blir sittande straumfast. NB! per 17. juli veit me at minst ein av dei er i ustand. https://rechargeinfra.com/no/kundeservice/.

Ting billett til festivalparkeringa

Skyttelbuss frå festivalparkeringa 

Når du har komen med rutebuss til Tyinkrysset eller parkert på festivalparkeringa går vegen vidare med skyttelbuss til festivalområdet. Det er berre torsdag og sundag du har skyttelbuss inkludert i festivalpasset, onsdag må du betale. Avgangstidene ser du i kolonna til høgre. 

Kjem du før onsdag, må du ta ordinær rutebuss frå Tyinkrysset til Eidsbugarden. Rutetidene finn du på entur.no eller nor-way.no.

Skyttelbussen korresponderer med rutebussar på Tyinkrysset. Festivalarmband må visast for å få vera med skyttelbussen.

Me gjer merksame på at det ikkje vil vere tillate å køyre bil inn til Eidsbugarden før sundag kl 16:00

Det er ikkje tillate med hund på festivalbussen, på grunn av busselskapet sine krav til allergiomsyn. Ta kontakt med transportsjef Håkon Boye Berven om du har med hund, på e-post: hakon@vinjerock.no

Lurt å tenkje på

Øvst på lista over utslepp hjå oss ligg mellom anna transport. Om halvparten av dei som kjem til Vinjerock tek festivalekspressen og alle dei som køyrer bil syt for å vere minst tre personar i kvar bil kan me saman halvera utsleppa. 

Så kva er eigentleg lurt å tenke på når det kjem til miljø og lommeboka? Me har samla det viktigaste for deg her: 

  • Ta festivalekspressen - enklast, best for lommeboka og miljøet.
  • Du kan reise kollektivt frå der du er, finn kollektivtransport på entur.no.
  • Lyt du køyre bil, fyll han opp med minst tre glade Vinjerockerar - eller fyll han helst heilt opp.

AVGANGER FESTIVALEKSPRESSEN 2024

AVGANGAR TUR

Oslo - Vinjerock 17. juli klokka 10:00 SJÅ DIGITALE SKJERMAR  (UTSELD)

Oslo - Vinjerock 17. juli klokka 15:00 SJÅ DIGITALE SKJERMAR  (UTSELD)

Oslo - Vinjerock 18. juli klokka 08:00 SJÅ DIGITALE SKJERMAR 

Oslo - Vinjerock 18. juli klokka 09:00 SJÅ DIGITALE SKJERMAR  (UTSELD)

Sandvika - Vinjerock 18. juli klokka 08:30 (FÅ PLASSAR)

Bergen - Vinjerock 18. juli klokka 09:15 FRÅ TERMINAL M

Trondheim - Vinjerock 18. juli klokka 08:00 PLATTFORM BUSS FOR TOG (FÅ PLASSAR) 

AVGANGAR RETUR

Vinjerock - Oslo 21. juli klokka 15:45 (UTSELD)

Vinjerock - Oslo 21. juli klokka 16:00 (UTSELD)

Vinjerock - Oslo 21. juli klokka 16:30 

Vinjerock - Sandvika 21. juli klokka 16:30 (FÅ PLASSAR)

Vinjerock - Bergen 21. juli klokka 15:00

Vinjerock - Trondheim 21. juli klokka 10:00 (UTSELD)

 

RUTETIDER SKYTTELBUSS 2024:

NB! Ha god tid, det er mykje folk som skal inn til festivalområdet og må pårekne noko ventetid.

Tyinkrysset* - Tyin - Festivalområdet
* Køyrer kun frå Tyinkrysset på onsdag, og når det korresponderar med rutetrafikk

ONSDAG
12:00, 14:00, 16;00, 18:00, 20:00, 22:00.
Pris onsdag; 160,-

TORSDAG
10:00, skytteltrafikk heile dagen. 
Siste buss inn går 22:00
Pris torsdag: gratis med festivalarmband

FREDAG/LAURDAG
12:00, 14:00, 16:00, 18:00, 20:00
Pris fredag/laurdag: 100,- kvar veg

Festivalområdet – Tyin - Tyinkrysset*
*køyrer kun til Tyinkrysset på onsdag, sundag og når det korresponderar med rutetrafikk.

FREDAG/LAURDAG
13:15, 15:15, 17:15, 19:15 og 21:15, 01:15 
Pris fredag/laurdag: 100,- per veg, 160,- for nattbussen. 

SUNDAG
Fyrste buss køyrer kl. 08:00. Skytteltrafikk heile dagen. Siste buss ut går kl. 16:30
Pris sundag: Gratis med festivalarmband.

PRISAR FOR PARKERING i 2024

Vanleg bil

Ons 17.07. – søn 21.07.: 1250,- 

Tors 18.07. - søn 21.07.: 1250,-

Fre 19.07. – søn 21.07.: 800,-

Laur 20.07. – søn 21.07.:400,-

Alle billettane gjev plass heilt til sundag 21. juli. 

Bilen står parkert på eige ansvar. 

Billetten kan ikkje refunderast.